Transportmåte og tidsbruk før avgjersle om trombolyse for pasientar med hjerneslag ved UNN Tromsø

Hjerneslag rammar om lag 15 000 menneske i Noreg kvart år og sjukdomen er den tredje vanlegaste dødsårsaken i Europa. På grunn av eldrebølgja i samfunnet vårt er det venta at insidensen vil stige i tida framover. I dei seinare åra har hjerneslag gått frå å vere ein sjukdom som har fått lita akuttmed...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Hareide, Siri Johanne Øyen
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2016
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/9471
Description
Summary:Hjerneslag rammar om lag 15 000 menneske i Noreg kvart år og sjukdomen er den tredje vanlegaste dødsårsaken i Europa. På grunn av eldrebølgja i samfunnet vårt er det venta at insidensen vil stige i tida framover. I dei seinare åra har hjerneslag gått frå å vere ein sjukdom som har fått lita akuttmedisinsk merksemd, til å verte ein viktig tidskritisk tilstand der tidsnok behandling gjer stor skilnad for det vidare livet til pasienten. For å finne moglege betringspotensial tok studien sikte på å vise tidsbruk frå symptomdebut til trombolyse ved Universitetssjukehuset Nord Noreg Tromsø sitt nedslagsfelt, kartleggje kor mykje av tidsbruken som skuldast pasienten, kor mykje som går med til transport til sjukehus og tid frå ankomst sjukehus til trombolysebehandlinga vert gjeven. Vi ville undersøkje kvar pasientane oppheldt seg ved symptomdebut og analysere om alternativ transport (med ambulansehelikopter/ambulansebil) ville medført forskjellig transporttid med moglege konsekvensar for behandlingsalternativ.