«Nei, her har vi ikkje kollegarettleiing …». Ein studie om lærarar og assistentar sine meiningar og oppfatningar av kollegarettleiing

Tema for oppgåva: Kollegarettleiing er ein del av det store rettleiingslandskapet. Kort sagt handlar all rettleiing om å hjelpe andre menneskje til å nå mål. Kollegarettleiing er ikkje særleg annleis, den handlar om å hjelpe kollegaar til å nå mål. Innanfor skuleverket er det enkelte overordna mål....

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Grøttebø, Frode Kristian
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Universitetet i Tromsø 2012
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/8412
Description
Summary:Tema for oppgåva: Kollegarettleiing er ein del av det store rettleiingslandskapet. Kort sagt handlar all rettleiing om å hjelpe andre menneskje til å nå mål. Kollegarettleiing er ikkje særleg annleis, den handlar om å hjelpe kollegaar til å nå mål. Innanfor skuleverket er det enkelte overordna mål. Eit av desse er likeverdig, inkluderande og tilpassa opplæring. Alle i skuleverket skal jobbe etter desse måla. Eg har undersøkt korleis kollegarettleiinga gjev seg til kjenne i den norske skulen gjennom lærarar og assistentars haldningar til rettleiinga. Undersøkinga: For å finne svar på mi problemstilling har eg gjennomført ei spørjeundersøking i dei to norske bykommunane Oslo og Tromsø. Eg har gjennomført undersøkinga på to barneskular i kvar by. Spørjeskjemaet mitt blei sendt ut til alle lærarar og assistentar på dei fire skulane. Totalt er det i undersøkinga 55 respondentar. Spørsmåla i spørjeskjemaet omhandlar forskjellar og likskapar i dei to bykommunane på kva meiningar lærarane har til kollegarettleiing i pedagogisk og spesialpedagogisk arbeid. Hovudfunn: Lærarane har i omfang lite kollegarettleiing, men ønskjer seg meir av det. Dei typane kollegarettleiing dei har er i størst grad uformell rettleiing og rettleiing frå menneskje med lik kompetanse som dei sjølv. Faktorar som hindrar god kollegarettleiing meiner lærarane i størst grad er mangel på tid og tilrettelegging og prioritering frå skuleleiinga. I høve til læraren og eleven si nytte av kollegarettleiinga er det sprik i korleis lærarane oppfattar henne. Det er ei noko meir negativ oppfatting av kva nytte lærarane meiner elevane har enn kva nytte lærarane sjølv har av kollegarettleiinga. Lærarane tykkjer ikkje rettleiinga dei i dag får er med på å utvikle deira lærarprofesjonalitet. Dei ser i ganske lita grad på kollegarettleiinga dei får som eit verkemiddel til å løyse pedagogiske problem som omhandlar elevane deira.