Privatarkiv nr. 11 : John Scott Keltie og Fridtjof Nansen, 1889-1926

Arkivet inneheld i hovudsak korrespondanse mellom Keltie og Fridtjof Nansen, men òg ein del brev og telegram som Keltie eller Nansen utveksla med andre aktørar. I tillegg kjem trykksaker og anna materiale, fyrst og fremst knytta til Nansen. Alt materialet i dette arkivet skal stamme frå Keltie og sk...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Universitetsbiblioteket
Format: Other/Unknown Material
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2014
Subjects:
Bak
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/5775
Description
Summary:Arkivet inneheld i hovudsak korrespondanse mellom Keltie og Fridtjof Nansen, men òg ein del brev og telegram som Keltie eller Nansen utveksla med andre aktørar. I tillegg kjem trykksaker og anna materiale, fyrst og fremst knytta til Nansen. Alt materialet i dette arkivet skal stamme frå Keltie og skriv seg frå perioden 1889–1926. Samlinga vart kjøpt frå J. W. Cappelens Antikvariat i slutten av 1990-åra. Antikvariatet skal på si side ha fått tak i materialet frå Kelties arvingar. Fulltekst tilgjengelig i UiT Open Research Data: https://doi.org/10.18710/C8FXID John Scott Keltie var fødd i Dundee i 1840, og døydde i London i 1927. Han budde i London frå 1871. Keltie var geograf, og hadde gode kontaktar i både presse og forlagsverda. I 1883 vart han fellow i Royal Geographical Society, bibliotekar 1885, assisterande sekretær i 1892, og sekretær i ei årrekkje frå 1896 til 1915. Dessutan var han redaktør av selskapets Geographical Journal frå 1893 til 1917. Han var også hovudmannen bak selskapets ekspansjon, og flyttinga frå Savile Row til Kensington Gore i 1913, og gjorde mykje for å gjera selskapets lokaler i London til den naturlege møtestaden for både britiske og utanlandske oppdagingsreisande og eventyrarar. J. Scott Keltie si sentrale rolle i Royal Geographical Society er truleg opphavet til den nokså omfattande korrespondansen han hadde med Fridtjof Nansen.