Restituerande landskapsmiljø

I 2021 kjøpte Tromsø kommune Sydspissen hotell for å danne dagsenter for eldre, men også for dei som slit med psykisk helse og rus. Losen lågterskelsenter skal dra størst nytte av bygget, som er eit gratis psykisk helsetilbod i Tromsø kommune. Kommunen har store ambisjonar om å slå saman mange ulike...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Furelid, Tomine Haaland
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2024
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/33815
Description
Summary:I 2021 kjøpte Tromsø kommune Sydspissen hotell for å danne dagsenter for eldre, men også for dei som slit med psykisk helse og rus. Losen lågterskelsenter skal dra størst nytte av bygget, som er eit gratis psykisk helsetilbod i Tromsø kommune. Kommunen har store ambisjonar om å slå saman mange ulike brukargrupper som kan vere utfordrande å skape felles rom for. I denne satsinga går alle midlane til å danne eit tilbod som skal foregå innandørs, kor utforminga av landskapet har blitt utelatt av budsjettet. Bygget har stått tomt i mange år, kor vedlikehald av uteareala har fått kjenne på konsekvensen av eit tomt bygg. Slik det er i dag vil det ikkje kunne vere mottakeleg for dei brukarane som er forespeila. Prosjektområdet ligg tilknytt Telegrafbukta som er eit stort rekreasjonsareal på sørlige del av Tromsøya. Kvalitetane ved dette området er mange og har stort potensiale til å bli løfta, både for bydelen og for brukaropplevinga til dei besøkande av dagsenteret. Eit spørsmål som har fulgt meg gjennom diplomarbeidet er: ”Korleis kan man forvente å bli ivaretatt når omgjevnadane ikkje blir ivaretatt?”. Prosjektet Restituerande landskapsmiljø rettar fokus mot naturen og landskapet, og dens verknad på menneske når det kjem til vår fysiske og mentale helse. Arbeidet går ut på å skape positive distraksjonar kor man aktiverer sansane og kan bryte ut av vonde mønster man gjerne er påverka av når man sliter med psykiske utfordringar. Intensjonen er å løfte fram naturen og landskapets kvalitetar gjennom årstider, vær, vind, materialitet og atmosfære for at fleire skal kunne oppdage dei skjulte kvalitetane landskapet har når man ellers berre ville ha passert i forbifarten. Ved å skape uterom som komplimentera eit innandørs behandlingstilbod, og er imøtekommande og innbydande vil man kunne invitere til å bruke meir tid og fokusere på å restituere. Dette gjer eg ved å legge vekt på det tomta allerede tilbyr og løftar fram ulike rom i landskapet for dei ulike brukarane til å nytte seg av før og etter besøk av dagsenteret. ...