Bugøynes og kongekrabbe – ei redning frå Russland? Ei studie av kongekrabba si betydning for bygdesamfunnet Bugøynes

Denne masteroppgåva tek føre seg Bugøynes og kongekrabba, og konsekvensane arten har hatt for dette lokalsamfunnet i Sør-Varanger kommune. Gjennom to feltarbeid sommaren 2018 og vinteren 2019, svarer oppgåva på problemstillinga: «Kva konsekvensar har kongekrabba hatt for Bugøynes?», og to forskingss...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Husøy, Hans
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2019
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/17228
Description
Summary:Denne masteroppgåva tek føre seg Bugøynes og kongekrabba, og konsekvensane arten har hatt for dette lokalsamfunnet i Sør-Varanger kommune. Gjennom to feltarbeid sommaren 2018 og vinteren 2019, svarer oppgåva på problemstillinga: «Kva konsekvensar har kongekrabba hatt for Bugøynes?», og to forskingsspørsmål: «Kva utfordringar står sysselsetjingssystemet Bugøynes ovanfor?» og «Korleis kan Bugøynes forståast som eit attraktivt lokalsamfunn?» For å analysere desse har eg mellom anna brukt Jentoft og Wadel sine omgrep om fiskerisamfunn som sysselsetjingssystem. Dei undersøkte funksjonane i sysselsetjingssystemet var skulen, omsorgssenteret, kongekrabbefiskarar og kongekrabbebedrifta Norway King Crab. Informantane er frå desse funksjonane, samt kommunen. Kongekrabba har vist seg som ein avgjerande faktor for Bugøynes, der arten vart sett på som redninga for bygda. Dei vidare undersøkingane har gått ut på kva utfordringar bygda har. Kutt i offentleg sektor, svak rekruttering inn i fisket og ei negativ befolkningsutvikling som passar inn nordnorsk demografi, gjer at informantane i Bugøynes viser bekymring for framtida. Funna viser til at utfordringane i lokalsamfunnet, innan mellom anna rekruttering, attraktivitet, kongekrabbefiske og få arbeidsplassar, heng saman. Dette gjer lokalsamfunnet i Bugøynes sårbart. Turisme vert sett på som ei næring med potensial, noko som kan gjere Bugøynes til eit meir attraktivt lokalsamfunn.