Summary: | Autolog hematopoietisk stamcelletransplantasjon (HSCT) er eit nytt behandlingsalternativ for pasientar med attakkprega multippel sklerose (MS) i Norge som har betydeleg sjukdomsaktivitet til tross for tilgjengeleg immunmodulerande behandling etter gjeldande retningslinjer. Det er i dag få pasientar som oppfyller dei norske kriteria og per desember 2016 har kun 22 pasientar fått behandling i Norge, medan nærmare 200 har fått behandling i utlandet i følgje MS-forbundet. Oppgåva er ein deskriptiv studie med utgangspunkt i gjennomgang av journalar frå Universitetssjukehuset i Nord-Norge og Finnmarkssjukehusa i Hammerfest og Kirkenes. Kliniske data er henta ut frå journalsystemet DIPS for kvar enkelt pasient i Troms og Finnmark som har gjennomgått HSCT i perioden februar 2015 til april 2017. Desse dataa har eg registrert i Norsk MS-register og brukt i oppgåva. Eg har i tillegg møtt fem av pasientane poliklinisk. Datainnsamlinga er godkjent av Personvernombodet. Det vart samla informasjon om 17 pasientar, kor ein pasient vart ekskludert grunna flytting til anna helseføretak. Av desse hadde 14 attakkprega MS, 1 pasient truleg primær progressiv MS og 1 pasient truleg sekundær progressiv MS. Fleirtalet av pasientane hadde betra funksjon bedømt ved EDSS-skår etter behandlinga, ingen hadde nye attakk og ingen hadde nytilkomne lesjonar på MR etter HSCT. Omtrent halvparten hadde tilbakegong av sjukdommen. Tretten pasientar hadde ikkje teikn til sjukdomsaktivitet 1/2 til 2 år etter behandlinga. Tre pasientar hadde sjukdomsprogresjon etter HSCT. Ingen opplevde alvorlege biverknadar. Fleire av pasientane hadde ein objektiv klinisk effekt etter behandlinga med tanke på sjukdomsutvikling og grad av invaliditet etter HSCT. Grunna liten studiepopulasjon og kort oppfølgingstid er det vanskeleg å trekkje konklusjonar med tanke på behandlingseffekt, men det er viktig å belyse at pasientar som har fått denne behandlinga opplever positive resultat, både objektivt og subjektivt. Og ingen opplevde alvorlege biverknadar etter behandlinga.
|