«HLR-minus»-omgrepet som klinisk praksis og etisk problem i eit akuttmedisinsk system.

Bakgrunn: «HLR-minus» er ein medisinsk term som omfattar å ikkje starte gjenoppliving (HLR, hjarte-lungeredning) ved livlausheit. Hjå pasientar som på førehand sjølve har bestemt det, eller der gjenoppliving vert vurdert som fånyttes og eventuelt vil forlenge ein plagsam dødsprosess, kan behandlings...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Oksavik, Erlend
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2017
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/13738
Description
Summary:Bakgrunn: «HLR-minus» er ein medisinsk term som omfattar å ikkje starte gjenoppliving (HLR, hjarte-lungeredning) ved livlausheit. Hjå pasientar som på førehand sjølve har bestemt det, eller der gjenoppliving vert vurdert som fånyttes og eventuelt vil forlenge ein plagsam dødsprosess, kan behandlingsansvarleg lege fastsetje «HLR-minus»-status. Det er få studiar både på norsk praksis og helse-personell sine haldningar til «HLR-minus»-omgrepet, men litteraturen tydar på at Noreg har ein restriktiv bruk av dette samanlikna med andre vestlege land. Material og metode: Studien er kvantitativ, basert på ei spørjeskjemabasert tverrsnittsundersøking blant eit utval helsepersonell og helsefagstudentar tilknytt UNN (Universitetssjukehuset i Nord-Noreg) og UiT (Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet). Spørjeundersøkinga vart gjennomført våren 2016. Statistiske utrekningar baserar seg på Chi-kvadrat T-test. Resultat: Svarprosenten var 21 % (N = 265/1513). Av dei som hadde ei meining, svara 82 % (N = 177/215) at «HLR-minus» vert diskutert med for få pasientar, og hjå tilsette ved akuttavdelingar svara 91 % (N = 85/93) det same. Ein dryg fjerdedel av personell med pasientansvar oppgav ikkje å dokumentere «HLR-minus»-status i pasient-journalen (N = 60/221, 27 %). Ein tredjedel (N = 79/216, 37 %) svara at det ikkje i tilstrekkeleg grad er rutinar for å informere tilsette om kva for pasientar som har «HLR-minus»-status, og 42 % (N = 77/182) svara det tilsvarande om rutinar for informasjon til pårørande. Ein stor del av helsepersonell opplev ei plikt til å starte HLR på pasientar som får hjartestans der det ikkje på førehand er fatta eit «HLR-minus»-vedtak. Samla svara 90 % (N = 239/265) at dei i stor grad er opne for sjølve å få status som «HLR-minus», om dei som gamle vert alvorleg sjuke og innlagt på sjukehus. Fortolking: Dagens praksis kring bruk av «HLR-minus» er ikkje tilfredsstillande kva angår frekvens i vurderingar, dokumentasjon og informasjonsflyt. Når vurderingar vert gjort, er dei tilsynelatande basert på dei faktorar som er anbefalt i retningslinjer. Helsepersonell ynskjer noko anna for seg sjølve, enn det dei tilbyr pasientane sine.