Summary: | Final draft post-refereeing av konferanseartikkel antatt til publisering. Final draft post-refereeing of conference paper accepted for publication. Artikkelen gir ein analyse av personnamna til etterkommarane av finske innvandrarar i Noreg på grunnlag av opplysningar i folketeljinga frå 1900. Materialet omfattar namna på dei som er oppførte med finsk etnisitet, og som er fødde i Noreg. Dette materialet består av to delar: Grue-materialet (412 personar frå Grue Finnskog i Sør-Noreg) og kvenmaterialet med namnedata for 3840 kvenar frå Finnmark og Troms. Dei finske innvandrarane kom til Finnskogane alt på 1600-talet, mens finnane kom noko seinare til Finnmark og Troms – på 1700- og 1800-talet. Desse to folkegruppene, kvenane og dei finskætta på Finnskogane, viser klare forskjellar når det gjeld personnamn. Ein viktig grunn til dette er nok at dei finskætta på Finnskogane hadde budd lenger i Noreg enn kvenane, og at dei dermed hadde vorti meir fornorska. Fornamna i Grue-materialet er stort sett dei same som elles i Noreg på slutten av 1800-talet, mens det blant kvenane også finst nokre typiske finske fornamn, t.d. Hilja, Saima og Toivo. Når det gjeld etternamna, har dei fleste finskætta på Finnskogane namn på -sen og -datter (68 %) eller eit etternamn som går tilbake til eit norsk stadnamn (31 %), gjerne eit gardsnamn, t.d. Bruvold. Også blant kvenane er etternamn på -sen og -datter vanlege (57 %), men i motsetning til dei finskætta på Finnskogane ber mange kvenar (33 %) eit finskspråkleg etternamn, t.d. Halonen og Pauna (i denne prosenten inngår det også etternamn som har fått ei justering på norsk grunn, t.d. Hallonen). Berre 1 % av kvenane har eit etternamn som er typisk norsk, t.d. Kramvik, dvs. eit etternamn som går tilbake til eit norsk stadnamn. Det er ein klar samanheng mellom det å tala finsk og å ha eit finsktypologisk etternamn: Mens 40 % av dei finskspråklege kvenane har eit finsk etternamn, er den tilsvarande prosenten for dei norskspråklege kvenane berre 14 %. Ei samanlikning av bruken av finske ...
|