Støttetenester for forskingsdatahandtering: forslag til beste praksis

Presentasjon fra Virak - Konferansen for universitets- og høgskolebibliotek, 12-13. juni 2017 Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Noregs arktiske universitet har dei siste tre åra utvikla eit heilskapleg tenestetilbod rundt handtering og tilgjengeleggjering av opne forskingsdata. I tillegg til tekn...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Østvand, Lene, Conzett, Philipp
Format: Conference Object
Language:Norwegian Nynorsk
Published: UiT Norges arktiske universitet 2017
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/10037/11691
Description
Summary:Presentasjon fra Virak - Konferansen for universitets- og høgskolebibliotek, 12-13. juni 2017 Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Noregs arktiske universitet har dei siste tre åra utvikla eit heilskapleg tenestetilbod rundt handtering og tilgjengeleggjering av opne forskingsdata. I tillegg til teknisk infrastruktur for arkivering og deling av opne forskingsdata tilbyr vi opplæring og rådgjeving om korleis forskarar ved UiT bør handtera og arkivera forskingsdataa sine etter beste praksis i dei ulike fasane i eit forskingsprosjekt. Målet er at forskingsdata som er genererte ved UiT, på best mogleg måte skal kunna gjerast ope tilgjengelege og leggjast til rette for etterprøving eller annan gjenbruk. I innlegget vårt skal vi presentera fleire aspekt ved utviklinga og den daglege drifta av tenestetilbodet rundt opne forskingsdata ved UiT: - Korleis bør tenester og oppgåver fordelast mellom lokal institusjon og andre, nasjonale og internasjonale aktørar? - Korleis er UBs tenestetilbod forankra i fagmiljøa? - Kva slags tekniske løysingar og standardar ligg til grunn for vald infrastruktur, og korleis har vi evaluert og implementert dei? - Korleis og korfor har vi fordelt rollene i utviklingsarbeidet og i den daglege drifta av tenestetilbodet, både internt på UB og mellom UB og andre einingar på UiT? - Kva slags tiltak har vi sett i gang for kompetanseheving på feltet internt på UB? - Kva slags opplæringstilbod og rettleiingstilbod har vi rundt handtering av forskingsdata, og korleis når vi ut til målgruppene? - Kva retningsliner og standardar følgjer vi og kva rutinar har vi for kuratering av datasett som skal publiserast? - Kva slags overordna retningsliner har UiT for forvaltning av forskingsdata, korleis blei retningslinene arbeidde fram, og korleis inngår UB sitt arbeid i dette rammeverket? - Korleis er arbeidet samkøyrt med nasjonale og internasjonale tiltak og retningsliner? Basert på erfaringane vi har gjort med arbeidet på dei ulike områda som er lista opp ovanfor, skal vi skissera forslag til korleis ein innanfor dei eksisterande rammene til eit universitetsbibliotek kan byggja opp eit fullverdig støttetilbod for forvaltning av opne forskingsdata.