Heating the heath: How 23 years of experimental warming changes an alpine biodiversity hotspot

Arktisk-alpine område blir varmare som følge av klimaendringane. Dette kan endra plantesamfunn og føra til tap av artsmangfald. Reinroseheier, dominert av dvergbusken reinrose (Dryas octopetala) er blant dei mest artsrike plantesamfunna som finst i skandinaviske fjell. For å studera effekten av høga...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Eiterjord, Gaute
Other Authors: Kari Klanderud, Siri Lie Olsen
Format: Master Thesis
Language:English
Published: Norwegian University of Life Sciences 2024
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3148310
Description
Summary:Arktisk-alpine område blir varmare som følge av klimaendringane. Dette kan endra plantesamfunn og føra til tap av artsmangfald. Reinroseheier, dominert av dvergbusken reinrose (Dryas octopetala) er blant dei mest artsrike plantesamfunna som finst i skandinaviske fjell. For å studera effekten av høgare temperatur på reinroseheier blei det i 2000 sett i gang eit forsøk med oppvarmingskammer (open top chambers, OTC) på Sanddalsnuten (1554 moh.) på Finse. I 2023 undersøkte eg langtidseffekten av oppvarming på dette plantesamfunnet gjennom ein vegetasjonsanalyse med høg taksonomisk oppløysing for karplanter, mose og lav. I tillegg gjorde eg målingar av plantehøgde, jordfukt, vegetasjonsindeksen NDVI og blomsterrikdom. Langtidsoppvarming førte til lågare dekning og artsrikdom av lav og mose. Mangfaldet og jamleiken i plantesamfunnet var lågare med oppvarming, og artssamansetning var annleis. Oppvarming ga høgare dekning av plantestrø og daud reinrose, men førte ikkje til endringar i dekninga av funksjonelle karplantegrupper eller artsrikdomen til karplantene. Vegetasjonen generelt, og reinrosa spesielt, var høgare med oppvarming. Saman med meir plantestrø kan det ha gitt meir skugge som førte til at lav- og moseartane gjekk tilbake. Eit tørrare miljø kan ha bidratt til dette, då eg fann ein ikkje-signifikant tendens mot tørrare jord med oppvarming. Auken i strø og daud reinrose kan skuldast at ekstremvær, som heitebølger og tørke, har blitt forsterka av eksperimentell oppvarming. At karplantene elles reagerte lite på høgare temperatur kan vera fordi dei er begrensa av vatn og næringsstoff, sidan dei veks på ein tørr rabb med tynt jordsmonn. Det kan òg skuldast at Arktisk-alpine planteartar er sakteveksande og langlevde, eller at reinrosa har ein sterk dominans i plantesamfunnet som gir lite plass til at andre artar kan auka i omfang. Høgt mangfald i plantesamfunnet kan òg ha bidratt til stabilitet og gjort det motstandsdyktig mot endringar. Reinrosa viste ein ikkje-signifikant tendens mot større blomsterrikdom med ...