Prosessering og tolking av refleksjonsseismiske data frå Isfjorden, Svalbard

I august 2013 vart det samla inn fem 2D multikanals seismiske linjer i Isfjorden på vestkysten av Spitsbergen under SVALEX-kurset. Desse linjene utgjer grunnlaget for denne oppgåva. I den fyrste delen av oppgåva er dei seismiske linjene prosessert, der det er lagt særleg vekt på fjerning av havbotnm...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Haaland, Anders
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: The University of Bergen 2015
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/1956/9439
Description
Summary:I august 2013 vart det samla inn fem 2D multikanals seismiske linjer i Isfjorden på vestkysten av Spitsbergen under SVALEX-kurset. Desse linjene utgjer grunnlaget for denne oppgåva. I den fyrste delen av oppgåva er dei seismiske linjene prosessert, der det er lagt særleg vekt på fjerning av havbotnmultiplar. I den andre delen av oppgåva er det gjort ei grovtolking av dei seismiske linjene, kvar det er lagt vekt på identifisering av storskala strukturar og tolking av dei ulike seismiske einingane som allereie er definert ut i frå eit seismostratigrafisk rammeverk. Hovudutfordringa under prosesseringa av dei seismisk linjene i denne oppgåva er fjerning av sterke og dominerand havbotnmultiplar som er årsaka av unormalt høge hastigheiter i havbotn, nokre stader over 4,5 km/s. For å fjerne multiplar som berre prograderer i vasslaget er det nytta eit FK-filer og parabolsk radonfilter. På grunn av lågare hastigheiter i den ytre delen av Isfjorden enn i den indre delen, er det nytta ulike filtergrenser på FK- filteret. I den indre delen er øvre og nedre grense satt til høvesvis -5000 m/s og 8000 m/s, medan øvre og nedre grense i den ytre delen av Isfjorden er satt til -3500 m/s og 7000 m/s. Sidan FK-filteret ikkje fjerna alle havbotnmultiplar på linje 11-6b og del to av 11-5b, er det i tillegg påført eit radonfilter på desse linjene for å fjerne dei resterande havbotnmultiplane. For å fjerne det som er igjen av multiplar i vasslaget etter hastigheitsfiltreringa, er alle data påført overflatekonsistent prediktiv dekonvolvering. Dekonvolveringa er mest effektiv ved fjerning av bølgjer med låg innfallsvinkel, medan hastigheitsfiltreringa er mest effektiv for å fjerne bølgjer med høg innfallsvinkel. Det er i tillegg påført fleire prosessar for å betre signal/støyforholdet. For å fjerne høgfrekvent og lågfrekvent støy er det nytta eit bandpass-filter, medan signatur dekonvolvering er nytta for å fjerne boblepulsen. Det er òg gjort hastigheitsanalyse, pre-stakk tidsmigrasjon samt ein siste frekvensfiltrering. Resultatet av ...