Kvifor finn ein ikkje spor etter Fosnakulturen på kysten mellom Ålesund og Hordaland: moglege årsaker.

Ein har tradisjonelt ikkje funn frå Fosna på kysten mellom Hordaland og Ålesund. Anders Nummedal som oppdaga Fosnakulturen, meinte dette skuldast lita landheving i høve til samtidig havnivå i dette området og at mulege buplassar var øydelagde av Tapestransgresjonen (Nummedal, 1933).Bjerck si undersø...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Strand, Gunnar
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: The University of Bergen 2013
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/1956/6903
Description
Summary:Ein har tradisjonelt ikkje funn frå Fosna på kysten mellom Hordaland og Ålesund. Anders Nummedal som oppdaga Fosnakulturen, meinte dette skuldast lita landheving i høve til samtidig havnivå i dette området og at mulege buplassar var øydelagde av Tapestransgresjonen (Nummedal, 1933).Bjerck si undersøkjing støtta denne teorien (Bjerck, 1983). Eg ville teste denne teorien ved å gå gjennom nyare data for endringar av havnivået i høve til landnivå og undersøke om naturtilhøva gav levevilkår for Fosna i dette området.Det er også muleg at mangelen på funn skuldast at det ikkje har vore leita nok eller på dei rette plassane. Samanfattinga er at det burde vere gode levevilkår for jeger/fiskarar på kysten, med eit mogleg unnatak for reinjakt, men denne jakta kunne ein drive i område som tilhøyrde same genetisk minimum gruppe. Data om endringar i sjønivå er til dels mangelfulle eller mangler heilt, særkilt for Sunnfjord og Solund. Utifrå dei data ein har, ville mulege strandbundne buplassar i ytre strok av kysten for heile Søre Sunnmøre og i Sogn og Fjordane, med unnatak av Gulen,Sogn, vere overfløymde av Tapestransgresjonen. Lenger inn mot fjordane ville ein kunne finne Fosnabuplassar på grunn av høgare landheving. Det er data som tyder på at kravet til utsikt kunne vore prioritert i høve til strandbinding. Ein kan derfor kanskje finne ikkje- strandbunde buplassar lenger ut på kysten ved å leite litt høgare.Ein vesentleg grunn til mangelen på funn, er at det stort sett berre har vore forvaltingsmessige arkeologiske undersøkjingar i Noreg. Desse er knytta til den økonomiske aktiviteten i området som har vore liten i høve til utbygging av oljeindustri og større kommunikasjonsanlegg lenger sør og nord på kysten. Ved større bruk av maskinell avdekking og av undersjøiske undersøkjingar trur eg at ein vil finne Fosna også der ein har trudd at Tapestransgresjonen hadde øydelagt alt. Traditionally there has been no archaeological sites from the Fosna culture found on the coast between the city of Ålesund and the county of ...