Summary: | Denne masteroppgåva omhandlar korleis historia til to etniske minoritetar, romanifolket og samane, blir framstilt på museum. Dette er gjort gjennom ein representasjonsanalyse av to museumsutstillingar. Den eine utstillinga er Latjo-Drom: Romanifolkets/taternes kultur og historie, som opna i 2006 og høyrer til på Glomdalsmuseet i Elverum. Denne utstillinga blei utvikla gjennom eit samarbeid mellom Glomdalsmuseet og interesseorganisasjonar frå romanifolket. Den andre utstillinga er Sápmi -en nasjon blir til, som høyrer til på Tromsø Museum og opna i 2000. Utstillinga blei utvikla av fageining for samisk etnografi ved Tromsø Museum. Master i Historie MAHF-HIS HIS350
|