Summary: | Etter andre verdskrig var det ei eksplosiv utvikling i fiskeria både i Norge og i andre europeiske land. Ny teknologi førte til at fartøya og reiskapene vart større og betre. Dette gjorde at fiskarane kunne oppsøkje nye områder og ta større fangstar. Då fangstane tok seg opp etter den ufrivillige fredinga under andre verdskrig, satte dette fart på tanken om at fisket hadde ein innverknad på fangsten. På denne tida hadde landa fiskerigrenser på fire nautiske mils. Det betydde at storparten av havområda var internasjonale og det var fritt fram for fiske. Den permanente kommisjonen (DPK), frå 1953, og Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC), frå 1963, var kommisjonane som regulerte fiskeria i dei internasjonale havområda i Nordaustatlanteren fram til 1977. Eg vil i denne oppgåva sjå på Norges rolle i dette samarbeidet. 1957 var eit vendepunkt i norsk ressursforvaltning. Det året kom forksingsrapporten The State of The Arctic Cod. Den opna augene til norske havforskarar, og Norge vart etter kvart ein pådrivar for å få til strengare reguleringar av fiskeria i området.
|