Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2015

Også året 2015 gav ein nedgang i totalraten (329,2 pr. tusen innbyggjarar) i Vakttårnprosjektet, men nedgangen gjaldt berre tre av vakttårna, deriblant Arendal som er eitt av dei to store vakttårna som er med. Kjønns- og aldersfordeling er eit svært så stabilt trekk ved kontaktane med legevaktene, s...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Eikeland, Ole-Johan, Raknes, Guttorm, Hunskår, Steinar
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse 2016
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/1956/12328
Description
Summary:Også året 2015 gav ein nedgang i totalraten (329,2 pr. tusen innbyggjarar) i Vakttårnprosjektet, men nedgangen gjaldt berre tre av vakttårna, deriblant Arendal som er eitt av dei to store vakttårna som er med. Kjønns- og aldersfordeling er eit svært så stabilt trekk ved kontaktane med legevaktene, sjølv om siste året viste ein liten auke i aldersgjennomsnittet. Det at det finnest variasjon mellom vakttårna når det gjeld alders- og kjønnsfordeling er også eit stabilt trekk etter ni år med registreringar. Fordelinga over dei sju dagane og fordeling over døgeret er også stabile trekk ved kontakt med legevaktene. Laurdagar og sundagar, og ettermiddag og kveld gir størst aktivitet hos vakttårna. Kontaktmønsteret har endra seg ein del dei siste to åra etter at Legevakta i Tromsø søkjer å få folk til å ringje legevakta og få oppmøtetid i staden for at dei møter opp direkte, som har vore vanleg der. Ei organisasjonsendring hos eitt av vakttårna har såleis ytt bidrag til endring i totaltala for alle sju. Den store nedgangen i kontaktraten frå folk i Solør i 2014 stabiliserte seg på same nivået i 2015, noko som også var skapt av ei organisasjonsendring. Nedgangen tok til då Solør legevakt og alarmsentral vart lagt ned, og innbyggjarane i dei tre solørkommunane fekk lenger veg til legevaktene, i Elverum og Kongsvinger. Responsfordelinga har endra seg i alle åra med registreringar i vakttårna. Endringane gjeld både frå år til år hos dei enkelte vakttårna og vakttårna i mellom. Året 2015 gav ein auke i grøn respons, og såleis færre gule, medan raud respons har vore relativt stabilt i alle ni åra. Registreringane viser ein del endring i tiltaka ved legevaktene. Først og fremst gjeld det ein auke i telefonråd frå sjukepleiar og ein liten nedgang når det gjeld konsultasjon med lege. Vakttårna varierer mykje seg i mellom her. Kontaktårsak (ICPC-2-kode) har med året 2015 vore registrert i to år. Desse to åra viser ikkje store skilje når det gjeld alle vakttårna under eitt, men ein del variasjon når det gjeld dei enkelte vakttårna er å sjå. publishedVersion