Adaptive immune responses in Atlantic salmon after vaccination with bacterins of Pasteurella atlantica

Utbrot av pasteurellose hjå atlanterhavslaks (Salmo salar L.) har sidan 2018 vore eit stort problem i oppdrettsnæringa, og framleis har inga kommersielt tilgjengeleg vaksine blitt utvikla. Vi veit lite om bakteriens overflateprotein, immunogene komponentar, virulensfaktorar, om det er ein homogen gr...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Holstad, Vemund Magne
Format: Master Thesis
Language:English
Published: The University of Bergen 2023
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2999509
Description
Summary:Utbrot av pasteurellose hjå atlanterhavslaks (Salmo salar L.) har sidan 2018 vore eit stort problem i oppdrettsnæringa, og framleis har inga kommersielt tilgjengeleg vaksine blitt utvikla. Vi veit lite om bakteriens overflateprotein, immunogene komponentar, virulensfaktorar, om det er ein homogen gruppe eller om det er forskjellar mellom bakterieisolata når det kjem til uttrykk av overflateprotein etter in vitro kultivering. Vi veit også lite om korleis Pasteurella atlantica isolat frå laks og isolat frå rognkjeks (Cyclopterus lumpus L.) skil seg frå kvarandre med tanke på desse faktorane. I denne masteroppgåva har vi vaksinert atlanterhavslaks med tre isolat av P. atlantica genomovar salmonicida isolert frå kommersielt produsert laks. Vi studerte om det var spesifikke antistoff i sera etter vaksinering og testa for kryss-reaktivitet på tvers av alle tre isolata, i tillegg til eit isolat isolert frå rognkjeks. Vi studerte også desse isolata sine proteinprofilar gjennom SDS-PAGE gelar og deira immunogene protein med western blotting. Til slutt vart ein fylogenetisk analyse gjennomført for å studere slektskapet mellom desse isolata, i tillegg til to Pasteurella skyensis isolat. Vi fant ut at laksen sitt sera var svært kryss-reaktivt på tvers av alle lakseisolata, men berre litt kryss-reaktivt til rognkjeksisolatet når dei vart analysert med ELISA. Vi fant ut at lakseisolata er ein homogen gruppe når det kjem til deira proteinprofil og immunogene protein, og at dei skil seg signifikant frå rognkjeksisolata. Til slutt vart desse forskjellane og likskapane underbygga gjennom fylogenetiske analyser, som viser forskjellar mellom lakse- og rognkjeksisolata, men at P. atlantica isolata er meir lik kvarandre, enn med P. skyensis isolata. Desse funna indikerer at ein vaksine basert på ein av isolata vil kunne beskytte laksen mot pasteurellose. Desse funna indikerer også at det er forskjellar på P. atlantica isolat frå laks og rognkjeks, og at kunnskap frå genomovar cyclopteri ikkje nødvendigvis er overførbart til genomovar ...