Immunrespons mot Pasteurella spp. hjå rognkjeks (Cyclopterus lumpus L.) og Atlantisk laks (Salmo salar L.)

Dei siste åra har ein sett ei dramatisk auke i tilfelle pasteurellose i norsk oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus L.) og Atlantisk laks (Salmo salar L.). Sjukdommen førar til redusert fiskevelferd og kan innebere høg dødelegheit. Isolata av Pasteurella spp. som gjev sjukdom hjå rognkjeks og la...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Ottesen, Eirin
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: The University of Bergen 2022
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2759437
Description
Summary:Dei siste åra har ein sett ei dramatisk auke i tilfelle pasteurellose i norsk oppdrett av rognkjeks (Cyclopterus lumpus L.) og Atlantisk laks (Salmo salar L.). Sjukdommen førar til redusert fiskevelferd og kan innebere høg dødelegheit. Isolata av Pasteurella spp. som gjev sjukdom hjå rognkjeks og laks er nært i slekt, men likevel ulike. Veterinærinstituttet har føreslått arbeidsnamna Pasteurella atlantica genomovar cyclopteri og Pasteurella atlantica genomovar salmonicida for isolata henta frå henhaldsvis rognkjeks og laks. Om ulikskapane funnen på genomnivå òg har noko å seie for virulens og immunogenisitet veit ein ikkje enno. Kunnskap om fiskane sine immunresponsar mot bakteriane kan nyttast for å finne førebyggjande tiltak og for å utvikle vaksiner, som er viktig for å få kontroll på sjukdommen. Aktivering av leukocyttar, fagocytose og intracellulært drap er viktige prosessar som initiellt må setjast i gang for å oppnå ein beskyttande immunitet mot eit patogen. Fagocytterande leukocyttar tar opp infiserande patogen og brukar både oksygenavhengige og oksygenuavhengige mekanismar for å bryte ned patogenet. Ved oksygenavhengig nedbryting produserer leukocytten reaktive oksygenstoff (ROS) i ein prosess kalla respiratory burst. Hensikta med denne oppgåva var å karakterisere immunresponsen mot Pasteurella spp. in vitro i leukocyttar frå rognkjeks og laks, ved å undersøkje respiratory burst aktiviteten til leukocyttane, samt undersøkje om serum frå rognkjeks immunisert med P. atlantica genomovar cyclopteri kryssreagerar med protein hjå P. atlantica genomovar salmonicida. Dette kan bidra til å påvise antigene likskapar, noko som har betyding for utvikling av vaksinar og fiskens evne til å ha brei eller spesifikk beskyttelse mot ulike isolat. Respiratory burst aktivitet mot to isolat av P. atlantica genomovar cyclopteri og tre isolat av P. atlantica genomovar salmonicida blei undersøkt. Både rognkjeks- og lakseleukocyttar viste respiratory burst aktivitet ved bakteriestimulering, men i ulik grad for dei ulike ...