Trykkplasseringa i latinske lånord og partikkelverb i tre norske dialektområde

Denne artikkelen granskar sambandet mellom trykkplassering i latinske lånord (som butikk) og partikkelverb (som gå ut), der trykkplasseringa på fyrstestavinga eller sistestavinga varierer. Med di partikkelverb har ein del av variasjon som skriv seg frå innomspråklege strukturelle faktorar, reknar me...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Tengesdal, Eirik, Lundquist, Bjørn
Format: Book Part
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Novus Forlag 2022
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/90774
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-93366
Description
Summary:Denne artikkelen granskar sambandet mellom trykkplassering i latinske lånord (som butikk) og partikkelverb (som gå ut), der trykkplasseringa på fyrstestavinga eller sistestavinga varierer. Med di partikkelverb har ein del av variasjon som skriv seg frå innomspråklege strukturelle faktorar, reknar me med at desse faktorane ikkje påverkar latinske ord i like stor grad. Ved å granska ikkje-syntaktisk variasjon i latinske ord, vonar me å forstå trykkvariasjon i partikkelverb betre. Med LIA og NDK granska me talarar frå fylka Trøndelag, Hedmark og Finnmark. Ingen av dialektane hadde ei kategorisk trykkplassering, men Trøndelag skilde seg ut med mest fyrstestavingstrykk både i latinske ord og partikkelverb. Hedmark hadde meir variabel distribusjon, med overvekt av fyrstestavingstrykk. Finnmark hadde berre sistestavingstrykk i dei latinske orda, men det var ganske jamt fordelt mellom fyrste- og sistestavingstrykk i partikkelverba. Fyrstestavingstrykk i partikkelverb, altså på verbet, var den klåre preferansen for alle områda utanom Finnmark, som syntest å ha ein blanda preferanse mellom trykk på verb eller partikkelen. LIA og NDK er veleigna for prosodisk gransking.