Frå menneskeleg tragedie til turistattraksjon. Ei analyse av Steilneset minnestad som minnestad, kulturarv og kollektiv erindring.

Steilneset minnestad vart opna i 2011 i Vardø i Finnmark av H.M. Dronning Sonja. Minnestaden er ein attraksjon i prosjektet Nasjonale Turistvegar som er eit stort vegprosjekt finansiert av Statens Vegvesen. Steilneset minnestad er ein av tre attraksjonar på Nasjonal Turistveg Varanger. Minnestaden v...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Søreide, Nina
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 2016
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/52197
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-55715
Description
Summary:Steilneset minnestad vart opna i 2011 i Vardø i Finnmark av H.M. Dronning Sonja. Minnestaden er ein attraksjon i prosjektet Nasjonale Turistvegar som er eit stort vegprosjekt finansiert av Statens Vegvesen. Steilneset minnestad er ein av tre attraksjonar på Nasjonal Turistveg Varanger. Minnestaden vart skapt for å minnast trolldomsprosessane som fann stad der på 1600-talet, og var også Finnmark sin utvalde tusenårsstad i år 2000. Trolldomsprosessane var eit europeisk fenomen som også fekk konsekvensar i dei nordlegaste og mest fjerntliggande stroka av Europa. Trolldomsprosessane i Vardø eksisterar i dag som både ei lokal, regional og også som ei nasjonal hending. Trolldomsprosessar fann stad fleire stadar i Noreg, og i frå 2000- talet og framover har det komme 5 monument som minnast trolldomsprosesar i ulike delar av landet, og Steilneset minnestad er det nyaste og mest påkosta monumentet. I denne oppgåva vert det undersøkt med Steilneset minnestad som utgangspunkt og case korleis ein minnestad kan eksistere både som ein minnestad, som kulturarv og som kollektiv erindring. Det har blitt vist og argumentert for korleis minnestader formar og formidlar ei kollektiv erindring, samt korleis nye minnestader skapar ei ny kollektiv erindring. Gjennom å bruke materiale som har blitt utgitt av og med Steilneset minnestad som kjeldemateriale, har det her blitt forska på korleis minnestaden på ulike måtar har blitt både kontekstualisert og reaktualisert. Ulike diskursar har møttast og skapt ulike måtar å forstå og forske på minnestaden, og Steilenset minnestad fungerar i dag som ein plattform som grip tak i og knytar band i mellom både fortid, notid og framtid.