Møte mellom menneske og laks : Om laksefiskepraksisar ved Namsenvassdraget

Tema for denne masteroppgåva er relasjonar mellom menneske og laks slik dei kjem til syne gjennom praksisar i laksefiske ved Namsenvassdraget i Nord- Trøndelag. Oppgåva er knytt til prosjektet «Newcomers to the Farm; Atlantic Salmon between the Wild and The Industrial». Prosjektet har som målsetjing...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Nordeide, Anita
Other Authors: Gro Ween
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 2012
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/16273
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-31816
Description
Summary:Tema for denne masteroppgåva er relasjonar mellom menneske og laks slik dei kjem til syne gjennom praksisar i laksefiske ved Namsenvassdraget i Nord- Trøndelag. Oppgåva er knytt til prosjektet «Newcomers to the Farm; Atlantic Salmon between the Wild and The Industrial». Prosjektet har som målsetjing å utforske spørsmål knytt til utvikling av husdyrhald i havbruket. Det empiriske materialet er innsamla under eit halvt års feltarbeid frå mars til september i 2011. Med ei tilnærming til materialet ut frå aktør-nettverk teori, vart ulike fiskepraksisar der laks figurerte fylgt. Materialet omhandlar både intime relasjonar mellom fiskarar og laks, og større nettverk av forsking, forvalting og turisme. Slik viser studiet korleis laks vert til forskjellig innanfor kvar av desse praksisane. Med utgangspunkt i empirien kjem det òg fram at relasjonar mellom menneske og laks har gjennomgått store endringar over tid. Frå å vere mat knytt til hushaldet, er laks no i større grad ein deltakar i ein sportsaktivitet og eit produkt i fisketurisme. Spennet mellom desse måtane å gjere laks, gjev seg også utslag i endringar i ulike relasjonar og moralar knytt til fisken. Dette kjem til uttrykk gjennom forskjellige fiskepraksisar, men òg gjennom forsking og forvaltingspraksisar i Noreg. Utviklinga av oppdrett på laks har òg hatt avgjerande innverknad på korleis laks vert til i Namsenvassdraget. Den nye næringa skapte eit behov for å etablere eit omgrep for laksen i elva - villaks - i opposisjon til den domestiserte oppdrettslaksen. I Namsenvassdraget vert det operert med eit sett av kategoriar for å skilje desse laksane frå kvarandre. Studiet viser korleis den rømte oppdrettslaksen er sett som ein trussel mot Namslaksen som eit «autentisk produkt», og såleis òg for turistnæringa ikring laksen.