TILLIT TIL LOKALPOLITIKARAR? EI UNDERSØKING I SEKS NORSKE KOMMUNAR.

Oppgåva fokuserer på folk sine oppfatningar av lokalpolitikarane. Utgangspunktet har vore å få fram kva som karakteriserer dette forholdet. Er folk sitt forhold til politikarane prega av tillit eller korleis kan dette forholdet oppfattast? For å få undersøkt dette forholdet har eg nytta datamaterial...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Nordtun, Ellen
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 1992
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/14373
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-35695
Description
Summary:Oppgåva fokuserer på folk sine oppfatningar av lokalpolitikarane. Utgangspunktet har vore å få fram kva som karakteriserer dette forholdet. Er folk sitt forhold til politikarane prega av tillit eller korleis kan dette forholdet oppfattast? For å få undersøkt dette forholdet har eg nytta datamateriale frå ei undersøking som er foreteken i seks norske kommunar. Ca. 300 respondentar i kvar av dei fylgjande kommunane er blitt spurte: Gjøvik, Steinkjer, Saltdal, Tynset, Spydeberg og Sund. Ei landsomfattande gallupundersøking blir også nytta som referanseramme. Oppgåva er delt inn i 9 hovudkapittel. Det fyrste, innleiingskapittelet, gjev oss ei tilnærming til omgrepet tillit, og gjer nærmare greie for problemstillinga som ligg til grunn for oppgåva. I kapittel 2 blir det gjort greie for det teoretiske rammeverket for analysen. Kva avgrensingar som ligg til grunn for analysen blir også skissert. Forskjellige faktorar som er blitt brukt til å forklara variasjon i politisk tillit blir presentert, og ei utgreiing om kva faktorar som blir nytta i analysen blir klargjort. Kapittel 3, har eit skildrande preg, blant anna blir det gjort greie for korleis folk sine oppfatningar av politikarar har endra seg frå 1970 åra og fram til i dag. Ei utgreiing som tar opp om det er forskjell i tillit til politikarar avhengig av forvaltningsnivå blir også presentert. Tendensen viser at folk i større grad har låg tillit til stortingsrepresentantane enn til kommunepolitikarane. Kapittel 4 drøftar ulike metodeproblem og skisserer korleis den avhengige variabelen "politisk tillit" blir operasjonalisert. Kapittel 5, 6 og 7 presenterer dei ulike forklaringsfaktorane som eg har valt ut til å forklara variasjon i politisk tillit. I kapittel 5 blir samanhengen mellom folk si objektive plassering med omsyn til bakgrunnsvariablar og politisk tillit teken opp. Av desse var det utdanningsvariabelen og inntektsvariabelen som viste størst effekt. Personar med høgast utdanning viste størst tendens til å ha høg tillit. Og likeeins personar med høgast familieinntekt viste størst tendens til å ha høg tillit. I kapittel 6 blir samanhengen mellom folk si subjektive oppfatning av eigen situasjon og politisk tillit presentert. Resultatet viste at både politisk interesse, politisk sakskompetanse og politisk kanalkompetanse hadde effekt på politisk tillit. Kapittel 7 ser på samanhengen mellom lokalsamfunnsvariablar og politisk tillit. Av variablane som blir teken opp viste kommuneøkonomi å ha størst effekt. I kommunar med gunstigast økonomi var tendensen til å visa høg tillit størst. I kapittel 8 blir ein multivariat analyse trekt inn. Føremålet er å få fram den enkelte uavhengige variabel sin effekt på politisk tillit, kontrollert for dei andre forklaringsvariablane i analysen. Resultatet som kjem fram støttar stort sett opp om resultata frå den bivariate analysen. Hovudmønsteret er at effektane er små. Avslutningskapittelet, kapittel 9, drøftar omkring analyseresultata. I tillegg til å vera eit reint oppsumeringskapittel, blir det også trekt opp ein del tankar rundt analysemodellen min, og eventuelt andre forklaringsvariablar som mogeleg hadde vore betre eigna til å forklara variasjon i politisk tillit.