Er "mellomgrønt" bærekraftig? : ein analyse av miljøomsyn si gjennomslagskraft i konsesjonstildelingar i området Lofoten-Barentshavet (ULB) sidan 1989

Miljøomsyn har ein vesentleg posisjon i norsk petroleumspolitikk. Sidan 1989 er det blitt gjennomført fem konsesjonsrundar som har inkludert blokker i det geografisk definerte området Lofoten-Barentshavet (ULB). Oppgåva dokumenterer at styresmaktene har følgd omlag halvparten av dei miljøfaglege råd...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Vigrestad, Elin
Other Authors: Audun Ruud
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 2006
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/14223
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-14511
Description
Summary:Miljøomsyn har ein vesentleg posisjon i norsk petroleumspolitikk. Sidan 1989 er det blitt gjennomført fem konsesjonsrundar som har inkludert blokker i det geografisk definerte området Lofoten-Barentshavet (ULB). Oppgåva dokumenterer at styresmaktene har følgd omlag halvparten av dei miljøfaglege råda frå sine eigne miljøfaglege etatar i desse tildelingane av leiteområde til oljeselskapa. Forenkla kan ein seie at miljøomsyn i konsesjonstildelingane i området Lofoten-Barentshavet (ULB) sidan 1989 har vunne fram etter regelen ”50-50”. Politikken står fram som ’mellomgrøn’. Den overordna problemstillinga for oppgåva er om denne politikken kan bli forstått som eit uttrykk for ein norsk politikk for ei bærekraftig utvikling. Eg har nærma meg problemstillinga gjennom å søkje svar på to underspørsmål: 1. Korleis kan ein forklare miljøomsyn si gjennomslagskraft i konsesjonstildelingar i området Lofoten-Barentshavet (ULB) sidan 1989? 2. Korleis plasserer menne ’mellomgrøne’ politikken seg i forhold til William M. Lafferty si forståing av konseptet Environmental Policy Integration (EPI)? 1. Miljøomsyna si gjennomslagskraft i konsesjonstildelingar i området Lofoten-Barentshavet (ULB) sidan 1989 framstår som eit kompromiss mellom mange omsyn og mellom mange aktørar, i regjering og forvalting, i Stortinget om mellom involverte interesseorganisasjonar. 2. Noreg oppfyller ikkje krava til Lafferty si operasjonelle sjekkliste for Environmental Policy Integration (EPI). Sjølv om det politiske mandatet for sektorpolitisk integrasjon av miljøomsyn, for å nå ei bærekraftig utvikling, har eit klårt mandat i Noreg, har oppfølginga i og mellom ulike regjeringar variert. Dei mange skiftande initiativa viser at det frå øvste politiske leiing har mangla vilje til å skape ei politisk overbygging for å sette miljøpolitikken inn i eit større perspektiv – ei langsiktig ramme, som også grip over parti- og personendringar i regjeringskvartalet. Konklusjon: Miljøomsyna si ’mellomgrøne’ gjennomslagskraft i konsesjonstildelingane i området Lofoten-Barentshavet (ULB) sidan 1989 kan ikkje bli forstått som eit uttrykk for ein norsk politikk for ei bærekraftig utvikling. Grensene for ’naturens bæreevne’ – om konsesjonstildelingar er ’miljøvenlege’ – seier denne oppgåva ingenting om. Det som derimot blir klårt, er at politikken ikkje er eit resultat av at miljøomsyn er tildelt ein prinsipiell prioritet i den norske politiske prosessen. Realisering av ei global bærekraftig utvikling krev eit sterkare fokus på at statane held i ansvaret.