Elemental carbon in Svalbard snow from local sources and its impact on surface albedo

Svalbard, ei øygruppe i Arktis, vert påverka både av langtransportert og lokal forureining. I denne oppgåva har konsentrasjonar av elementært karbon (EC) i snøen og effekten det har på albedo blitt undersøkt. Eit overslag av den lokale EC-forureininga på snøen har for første gong blitt gjort. Dette...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Aamaas, Borgar
Other Authors: Frode Stordal, Carl Egede Bøggild, Terje Berntsen, Kim Holmén
Format: Master Thesis
Language:English
Published: 2009
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/12615
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-22633
Description
Summary:Svalbard, ei øygruppe i Arktis, vert påverka både av langtransportert og lokal forureining. I denne oppgåva har konsentrasjonar av elementært karbon (EC) i snøen og effekten det har på albedo blitt undersøkt. Eit overslag av den lokale EC-forureininga på snøen har for første gong blitt gjort. Dette vart utført ved å ta snøprøver frå langs utgåande profilar frå Longyearbyen, Ny-Ålesund og Svea i 2008. Nokre av desse prøvene vart tatt i upåverka område. Desse prøvene vart smelta og filtrert på UNIS. Sjølve EC-analysen blei gjort ved ITM i Stockholm. Sidan denne metoden både er dyr og tidkrevjande, vart ein alternativ metode undersøkt. Snøstratigrafien vart undersøkt ved kvart målepunkt. Dette kunne då bli samanlikna med vêrdata for å datere snølaga. Modellkøyringar av den kjemiske transportmodellen Oslo CTM2 vart sett opp mot EC-prøvene tatt i snøen. Dei lokale EC-kjeldene på Svalbard vart talfesta og samanlikna med det fjerntransporterte EC. Til slutt vart ein mogeleg relasjon mellom EC-konsentrasjon og isotopparameteren delta18-O undersøkt. Ein studie av Forsström et al. (manuskript innlevert) har funne EC-konsentrasjonen på Svalbard til å vere 4.1 mikrog/l. Her vart EC-konsentrasjonen rundt Ny-Ålesund målt til å vere på linje med bakgrunnsnivået (6.58 mikrog/l). Oslo CTM2-modellen gjev data som stemmer bra overeins med dette og gav ein EC-konsentrasjon for vinteren 2007/08 på 5.35 mikrog/l. Svært høge EC-konsentrasjonar vart observert rundt Longyearbyen og Svea. I desse områda var misfarga snø lett synleg på satellittbilete. Område utsett for kolstøv frå kolhaugar var spesielt påverka. EC-konsentrasjonen rundt Svalbard Lufthamn og sentrum av Longyearbyen var over 1000 mikrog/l. Longyearbyen og Svea skil seg frå Ny-Ålesund grunna kolstøvet og storleiken på tettstadene. Prosessar i snøen vil generelt auke ECkonsentrasjonen etter at snøen har lagt seg. Sublimering og smelting av snø kan doble den opphavlege EC-konsentrasjonen. Albedoreduksjonen i nysnø grunna bakgrunnsnivået av EC vart modellert til å vere 0.0011 ...