Samiske tema i lærebøker

Samstundes som samiske tema har fått større merksemd og har blitt meir debattert dei siste åra, har samiske tema blitt meir innlemma i læreplanen ved Kunnskapsløftet 2020, både generelt og i naturfag spesielt. Framleis er lærebøker hyppig nytta i naturfagundervisning, og det er difor aktuelt å under...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Staldvik, Kaja Færøy
Other Authors: Munkebye, Eli
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: NTNU 2024
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3141981
Description
Summary:Samstundes som samiske tema har fått større merksemd og har blitt meir debattert dei siste åra, har samiske tema blitt meir innlemma i læreplanen ved Kunnskapsløftet 2020, både generelt og i naturfag spesielt. Framleis er lærebøker hyppig nytta i naturfagundervisning, og det er difor aktuelt å undersøkje korleis lærebøker i naturfag presenterer og inkluderer samiske tema. Problemstillinga for denne studien er dermed; Korleis, og i kor stor grad, blir samiske tema inkludert i dagens naturfagsbøker på ungdomstrinn? For å finne svar på problemstillinga, er det gjennomført ei innhaldsanalyse av lærebøker, altså lærebokanalyse, med både kvalitative og kvantitative analysar. Analysen ga resultat kor alle tre utvalde lærebokseriar inkluderte samiske tema. Strategien for inkluderinga av temaa og kva for eit perspektiv som er teke, er likt i dei tre seriane, og er inkluderingsstrategi. Bokseriane inkluderer altså samiske tema, men frå eit majoritetsperspektiv. I motsetnad bør lærebokforfattarar strekkje seg etter å oppnå ein indigeniseringsstrategi, kor samiske tema blir presentert av samiske stemmer sjølv. Andre funn er at lærebokseriane legg til rette for oppnåing av kompetansemål i naturfag i ulik grad, og det det er eit avgrensa mangfald som kjem til syne med stor vekt på reindrift. Lærarrettleiingane har ikkje fagleg støtte eller er særleg til nytte for lærarar når det gjeld samiske tema. Lærebøkene og rettleiingane inkluderar altså ikkje samiske tema på ein særleg god måte, noko som kan føre til at elevar ikkje får kunnskap om samiske tema på ein god måte. Dette kan resultere i at elevane ikkje når kompetansemåla, men og at fordommar og stereotypiske framstillingar oppstår og oppretthaldast. Det er eit behov for ein meir bevisst tilnærming til inkludering av samiske tema i lærebøker og undervisning, med sikte på å fremje ei djupare forståing og å bidra til samisk revitalisering. Implikasjoner for denne studien vil generelt vere at samiske tema bør få eit større og djupare fokus i undervisning og lærebøker, og at ...