Auroral Dunes: Bores or Boring? Airglow Imaging of Gravity Wave-Aurora Interaction in the Mesosphere Lower Thermosphere

Nyleg vart ei ny form av nordljos, kalla for dyner, oppdaga ved hjelp av observasjonar frå ei gruppe folkeforskarar. Dynene var monokromatiske, horisontale bylgjer i polarljoset, og vart observert i mesosfæren-nedre termosfæren, ein innfløkt del av atmosfæren å gjera målingar i. Studiar av dynehendi...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Seltveit, Sveinung Hansen
Other Authors: Espy, Patrick Joseph, Partamies, Noora
Format: Master Thesis
Language:English
Published: NTNU 2022
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3033754
Description
Summary:Nyleg vart ei ny form av nordljos, kalla for dyner, oppdaga ved hjelp av observasjonar frå ei gruppe folkeforskarar. Dynene var monokromatiske, horisontale bylgjer i polarljoset, og vart observert i mesosfæren-nedre termosfæren, ein innfløkt del av atmosfæren å gjera målingar i. Studiar av dynehendingar føreslår at fenomenet er polarljosets manifestasjon i mesosfæriske tidevassbylgjer, ei svært sjeldan type atmosfæriske bylgjer med særmærkt høge fasesnøggleikar. I denne granskinga vert vidvinkelbilete av natthimmelljos nytta til å finne og granske strukturar i polarljos som har likskapar med dyner. Strukturane ser ut som jamt fordela fingrar, og desse fingerstrukturane verkar å ha ei kopling til samstundes observerte tyngdebylgjer. Tyngdebylgjer er ei type atmosfæriske bylgjer som førekjem langt oftare enn mesosfæriske tidevassbylgjer. Hovudmålet til denne granskinga var å var å fastsetje om fingerstrukturane var tyngdebylgjer som vart ljost opp av polarljoset, som stør at dynene er polarljosets manifestasjon av atmosfæriske bylgjer, i tillegg til at det føreslår at ordinære tyngdebylgjer også kan føre til dyneliknande strukturar. Natthimmelljosdata frå forskningsstasjonane Halley og Rothera på Antarktis, samt Kjell Henriksen Observatoriet på Svalbard vart granska etter fingerstrukturhendingar. Tre hendingar vart funne i bilete av Na (natrium) og OH (hydroksyl) natthimmelljos frå Halley, tekne i juni 2000. Bileta vart geografisk projiserte, og polarljosstrukturar og natthimmelljosstrukturar vart forsterka i respektive, samstundes tekne bilete. Ein samanheng mellom fingerstrukturar og tyngdebylgjer vart funne for alle tre hendingar. Avstand mellom fingerstrukturar og bylgjelengder til tyngdebylgjer vart estimert og samanlikna. Deira tidsutvikling vart også analysert. Polarljosets påverknad på bylgjelengder vart fastsett til å vere låg, noko som tyder på at tyngdebylgjene ikkje var eit resultat av polarljoset. Avstandar mellom fingerstrukturar og bylgjelengdene til tyngdebylgjene var samanliknbare for alle ...