Studies of environmental footprint in Brøggerdalen after rocket launching in Ny-Ålesund

I denne masteroppgåva blei nivå av eit utval sporelement og polyklorerte bifenyl (PCB) målt i sedimentprøver frå Brøggerdalen, Ny- Ålesund, Sval- bard. Prøvetaking vart gjennomført i august 2021. Målet med denne oppgåva var å identifisera mogleg forureining i forbindelse med nyleg rakettaktivitet i...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Walmsley, Thomas
Other Authors: Mikkelsen, Øyvind
Format: Master Thesis
Language:English
Published: NTNU 2022
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3020008
Description
Summary:I denne masteroppgåva blei nivå av eit utval sporelement og polyklorerte bifenyl (PCB) målt i sedimentprøver frå Brøggerdalen, Ny- Ålesund, Sval- bard. Prøvetaking vart gjennomført i august 2021. Målet med denne oppgåva var å identifisera mogleg forureining i forbindelse med nyleg rakettaktivitet i området. Dei utvalde sporelementa var kadmium (Cd), jern (Fe), bly (Pb), arsenikk (As), aluminium (Al), titan (Ti), litium (Li), kopar (Cu), sink (Zn), tinn (Sn), kobalt (Co), magnesium (Mg) og beryllium (Be), og dei utvalde PCB var PCB-28, PCB-52, PCB-101, PCB-118, PCB-138, PCB-153 og PCB-180. For sporelementanalyse vart prøvane frysetørka, behandla med mikrobølgeassistert syrefordøying og analysert med induktivt koblet plas- mamassespektrometri (ICP-MS), og for PCB-analyse vart prøvane lufttørka, ekstrahert med akselert løysingsekstraksjon (ASE), konsentrert, og analysert med gasskromatografi-massespektrometri (GC-MS). Prøvane forbundne med boosterlandingssona A (78°54.59’ N 11°49.41 E) viste signifikant høgare nivå av Fe, Pb, As, Li, Zn og Co, medan prøvane forbundne med boosterlandingssona B (78°55.33’ N 11°49.43’ E) viste signifikant høgare nivå av Cd, Sn og Mg. Nivåa av Fe og Li kan vera knytta til jordskorpekom- posisjonen, nivåa av As, Fe, Pb, Zn og Co kan vera knytta til nærleik til gamle gruveområde, nivåa av Mg kan vera knytta til sedimentære bergartar, og nivåa av Cd og Sn kan vera knytta til sporelementforureining i fuglar. To prøvar, 20 og 23, viste forhøgde nivå av Cu (437.9 μg/g), Zn (229.0 μg/g) og Sn (0.9280 μg/g), og Cd (123.4 μg/g) respektivt. Desse ser ut til å vera knytta til metallfragment og det var ingen indikasjon på forhøgde nivå i an- dre, nærliggande prøver. PCA viser at jordskorpekomposisjonen bidreg til PC1, geologiske forskjeller mellom Vestre og Austre Brøggerdalen og nærleik til gamle kullgruver bidreg til PC2 og prøve 20 bidreg til PC3 for 47%, 13% and 10% av den totale variansen respektivt. Ingen PCB blei m ̊alt over deteksjonsgrensa. In this master thesis levels of selected trace ...