Winter gardening at 78° North: measuring extreme warm spell impacts on above- and below-ground biomass of vascular plant communities

Global oppvarming gjer dei arktiske vintrane varmare og våtare, noko som fører til ei auke i ekstreme vêrfenomen på vinteren. Døme på slike vêr-hendingar er regn som frys på og dannar eit islag som «kapslar inn» tundraen (is-dannande vinterregn), samt mildvêr som smeltar snøen og tiner eit jordlag f...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Røssum, Halvor
Other Authors: Hansen, Brage Bremset, Le Moullec, Mathilde, Bartra Cabré, Laura
Format: Master Thesis
Language:English
Published: NTNU 2022
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3004415
Description
Summary:Global oppvarming gjer dei arktiske vintrane varmare og våtare, noko som fører til ei auke i ekstreme vêrfenomen på vinteren. Døme på slike vêr-hendingar er regn som frys på og dannar eit islag som «kapslar inn» tundraen (is-dannande vinterregn), samt mildvêr som smeltar snøen og tiner eit jordlag før det blir kaldt og frys på att (tine-fryse-hendingar). I dei arktiske vegetasjonssamfunna finn ein mest biomasse under bakken. Den er ikkje berre viktig for dynamikken i vegetasjonssamfunnet, men òg for den globale karbonsyklusen. Likevel er det hovudsakleg biomassen over bakken som har vorte studert i Arktis, ofte ved hjelp av ulike estimeringsmetodar (t.d. normalisert differanse-vegetasjonsindeks (NDVI) og «point intercept»-metoden (PIM)). Vi manglar grunnleggjande kunnskap om korleis desse estimeringsmetodane reflekterer biomassen under bakken i arktiske vegetasjonssamfunn, samt om korleis biomassen under bakken reagerer på ei auke i ekstreme vêr-hendingar på vinteren. For å vere med å tette desse kunnskapshola nyttar denne oppgåva seg av resultata frå eit fleirårig eksperiment utført på Svalbard der planter frå to ulike vegetasjonssamfunn vart utsett for eksperimentelle ekstreme vêrfenomen (is-dannande vinterregn og tine-fryse-hendingar) tre vintre på rad, før all biomassen vart hausta. Resultata viser at NDVI og PIM korrelerte positivt med kvarandre (r = 0.74 [0.59 – 0.84]). På samfunnsnivå reflekterte NDVI biomassen over bakken, biomassen under bakken og total biomasse (r = 0.78 [0.65 – 0.87], r = 0.70 [0.53 – 0.82] og r = 0.74 [0.58 – 0.84], i same rekkjefølgje) noko betre enn PIM (r = 0.73 [0.57 – 0.83], r = 0.55 [0.33 – 0.71] og r = 0.59 [0.39 – 0.74], i same rekkjefølgje), medan PIM reflekterte biomassen til den enkelte art betre enn NDVI. I det våtaste vegetasjonssamfunnet vart det relativt sett meir biomasse under bakken etter tine-fryse-hendingar, medan dette forholdet endra seg ikkje i det tørraste vegetasjonssamfunnet. Dei enkelte artane responderte, stort sett, på same måte som samfunnet, til trass ...