Samisk påverknad på norsk språk

Artikkelen diskuterer potensiell innverknad frå samisk på norsk i eit diakront perspektiv, frå så langt attende i tida som vi har noko som helst slags kjeldegrunnlag for å vete noko om dei aktuelle språka. Drøftinga har utgangspunkt i dei gjengse førestillingane om ein einvegs språkkontakt mellom no...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Bull, Tove
Format: Article in Journal/Newspaper
Language:unknown
Published: Novus forlag 2012
Subjects:
Online Access:http://ojs.novus.no/index.php/NOA/article/view/868
Description
Summary:Artikkelen diskuterer potensiell innverknad frå samisk på norsk i eit diakront perspektiv, frå så langt attende i tida som vi har noko som helst slags kjeldegrunnlag for å vete noko om dei aktuelle språka. Drøftinga har utgangspunkt i dei gjengse førestillingane om ein einvegs språkkontakt mellom nordiske språk og finsk-ugrisk frå urnordisk tid, frå nordisk til finsk og samisk, men ikkje vice versa.- Artikkelen er kronologisk bygd opp i tre delar. For perioden mellom det 6. og det 11. hundreåret blir prefikstap, inn-suffigering (utvikling av etterhengt bestemt artikkel) og preaspirasjon tolka som samisk substrat i nordisk. Utvalde substrat-fenomen i perioden mellom det 12. og det 14. hundreåret er samansette preposisjonar og konsonantlenging. Til slutt blir enkelte nyare, meir ustabile og idiosynkratiske språktrekk drøfta som eksempel på substrattrekk i samtidas nordlege nordnorske dialektar: diffus og ustabil genustilskriving, "uortodoks" bruk av bunden og ubunden artikkel, objekt-­stryking, illative kasusformer, verbvalens og leddstilling.Stikkord: samiske språk, nordiske språk, diakroni, substrat, samiske substrattrekk i skandinavisk.