Ei ny religiøs rørsle tek form

13.3.2012 vart Sjamanistisk Forbund godkjent som eige trussamfunn av fylkesmannen i Troms. Godkjenninga innebar oppretting av ein sjamanistisk landsorganisasjon og eit fylkeslag for Tromsø kommune. I søknaden til Fylkesmannen går det fram at forbundet er særleg oppteke av å forvara den samiske og no...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Fonneland, Trude
Format: Article in Journal/Newspaper
Language:unknown
Published: Novus forlag 2014
Subjects:
Bak
Online Access:http://ojs.novus.no/index.php/DIN/article/view/719
Description
Summary:13.3.2012 vart Sjamanistisk Forbund godkjent som eige trussamfunn av fylkesmannen i Troms. Godkjenninga innebar oppretting av ein sjamanistisk landsorganisasjon og eit fylkeslag for Tromsø kommune. I søknaden til Fylkesmannen går det fram at forbundet er særleg oppteke av å forvara den samiske og norrøne sjamantradisjonen. Forbundet ynskjer å opna for eigne sjamanistiske seremoniar knytt til dåp, bryllaup, konfirmasjon og gravferder. I tillegg skal trommereiser gjennomførast ved kvart jamdøger og ved fullmåne. Gjennom intervju med aktørane bak opprettinga av Sjamanistisk Forbund set eg i denne artikkelen fokus på den religiøse skapingsprosessen som tek form i forkant og etterkant av godkjenninga. Eg spør kva typar forhandlingar, tilpassingar og møter som oppstår i denne konteksten. Målet er å undersøkja interesser og underliggjande føresetnader involvert i prosessen og visa korleis forbundet, av ulike aktørar, vert gjeve innhald, verdi og meining som eit religiøst trudomssamfunn.