Ny Loftsnesbru i Sogndal. Vurdering av miljøkonsekvensar i sjøen

Samandrag. Det skal byggjast ny bru over munningen av Barsnesfjorden i Sogndal. Denne brua skal erstatte eksisterande bru, som har to markerte pilarar med fundament i sjøen og fyllingar på kvar side. Ny bru vil innebere noko utfylling i sjø på sørsida av eksisterande fylling på Loftesnessida, og lit...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Golmen, L., Lundmark, Kjersti, Åtland, Å.
Other Authors: Golmen, L. - Project manager
Format: Report
Language:unknown
Published: Norsk institutt for vannforskning 2010
Subjects:
Bru
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/214796
Description
Summary:Samandrag. Det skal byggjast ny bru over munningen av Barsnesfjorden i Sogndal. Denne brua skal erstatte eksisterande bru, som har to markerte pilarar med fundament i sjøen og fyllingar på kvar side. Ny bru vil innebere noko utfylling i sjø på sørsida av eksisterande fylling på Loftesnessida, og litt utfylling på Sogndalssida. Det er teke omsyn til å oppretthalde noverande gjennomstrøyming av vatn ved å lage fyllingane kortast mogleg, og ved å sette dei nye og smekre pilarane nærast mogleg inn mot land på kvar side. Det er ikkje forventa at vassutskiftinga lokalt og inn/ut av Barsnesfjorden blir endra i nemneverdig grad. Med det aktuelle omfanget av tiltaket er det lite truleg at vandringsmønsteret til laksen blir påverka, men det er fremja nokre tiltak som tek omsyn til fisken under anleggsarbeidet, og skissert nokre føringar når det gjeld den permanente lyssettinga på brua. Isoppstuving på Loftesnessida er eit tilbakevendande fenomen og problem, som tidvis medfører skader på murar og brygger der. Med den utforminga som bru og fylling vil få, er det ikkje sannsynleg at dette vil medføre auka isproblem. Viss ein vel å fjerne dei gamle pilarane, så vil det verke positivt både på vassutskiftinga og på isoppstuvingssituasjonen. Statens vegvesen, Region Vest