Prøvefiske i 2006 i samband med kalkingsslutt i fire innsjøar i Tvedestrand og Vegårshei kommuner, Aust-Agder

Årsliste 2007 Røyvatn og Østeråvatnet i Tvedestrand og Vålevatn og Ufsvatn i Vegårshei vart prøvefiska hausten 2006 i samband med forsøksvis stopp i kalkinga. Innsjøane var forsura (pH ca. 5,10-5,35 før kalking), og fisken var markert påverka. Kalking har pågått frå 1995 (Røyvatn/Østeråvatnet) og 19...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Kleiven, E., Lie, M., Håvardstun, J., Kroglund, F.
Other Authors: Kleiven, E. - Project manager
Format: Report
Language:unknown
Published: Norsk institutt for vannforskning 2007
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/213541
Description
Summary:Årsliste 2007 Røyvatn og Østeråvatnet i Tvedestrand og Vålevatn og Ufsvatn i Vegårshei vart prøvefiska hausten 2006 i samband med forsøksvis stopp i kalkinga. Innsjøane var forsura (pH ca. 5,10-5,35 før kalking), og fisken var markert påverka. Kalking har pågått frå 1995 (Røyvatn/Østeråvatnet) og 1992 (Vålevatn/Ufsvatn). Prøvefiske med Nordiske garn gav ein fangst i antal pr. 100 m2 garnareal som er låg til middels med unntak for tryta i Vålevatn.Røyvatn: Det vart fanga berre tre aure, som hadde delvis uvanleg god vekst og god kondisjon på 1,12. Brukbar fangst av røye, deriblant ei på 54,5 cm/1,845 gram. God startvekst med moderat kondisjon på 1,01. Østeråvatnet: God fangst av aure, som hadde svært bra vekst og god kondisjon på 1,11. Bra fangst av røye, som hadde bra vekst opp til ca. 23 cm fiskelengde. Dårleg kondisjon på 0,87. Vålevatn: Det vart berre fanga to aure, som hadde svært bra vekst. Moderat kondisjon på 1,00. Det var stor fangst av tryte, som hadde god startvekst, men stagnerte fort. Relativt dårleg kondisjon på 0,97. Ufsvatn: God fangst av aure, som hadde bra startvekst, men stagnasjon. Kondisjon såpass dårleg som 0,94. God fangst av tryte, som hadde uvanleg god startvekst, men stagnerte fort. Kondisjon på relativt brukbare 1,08. Liten fangst av bekkerøye. Moderat startvekst, for deretter å stagnerre. Kondisjon på relativt dårlege 0,91. Aluminiumsverdiane på fiskegjellene var gjennomgåande svært låge. For å få skade på fiskegjellene må det minst skje ei tidobling av aluminiumsverdiane. Jernverdiane var normale til litt over det normale. Vi foreslår eit nytt prøvefiske om to år i Røyvatn og Østeråvatnet for å sjå om tilstanden for fisken fortsatt er tilfredsstillande etter kalkingslutt. Det gjeld særleg med tanke på røya, fordi ho er særleg sårbar for forsuring. Fylkesmannen i Aust-Agder