Prøvefiske i Nelaug, Aust-Agder, i 2004. Test-fishing in Lake Nelaug, Aust-Agder, 2004

Årsliste 2005 Nelaug (8,92 km2) ligg i Arendalsvassdraget i Aust-Agder. Innsjøen er regulert 3 m. Nelaug ligg i eit område med markert forsuring, som har påverka fisken sterkt. Fiskeartane er aure, røye, sik, tryte og ål. Røya kan sannsynlegvis ha forsvunne.Tidlegare var det også relikt laks der. Gj...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Kleiven, E., Håvardstun, J., Barlaup, B.T.
Other Authors: Kleiven, E. - Project manager
Format: Report
Language:unknown
Published: Norsk institutt for vannforskning 2005
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/212834
Description
Summary:Årsliste 2005 Nelaug (8,92 km2) ligg i Arendalsvassdraget i Aust-Agder. Innsjøen er regulert 3 m. Nelaug ligg i eit område med markert forsuring, som har påverka fisken sterkt. Fiskeartane er aure, røye, sik, tryte og ål. Røya kan sannsynlegvis ha forsvunne.Tidlegare var det også relikt laks der. Gjennom mange års kalking har vassdraget fått ein akseptabel vasskvalitet. Nelaug er tidlegare prøvefiska i 1973, 1985 og 1987. I september 2004 vart Nelaug prøvefiska med Nordiske garn. Fangsten var 14 aure, 17 sik og 991 tryter. Auren var småfallen, 14-28 cm, og tilhøyrde aldersgruppene 1+ - 5+. Kondisjonen var middels. Auren var som ved tidlegare prøvefiske, men fangst pr. innsats var mindre. Det var svært stor fangst av tryte av middels til dårleg kvalitet. Tryta tilhøyrde aldersgruppene 0+ - 8+. Trytebestanden har ekspandert kraftig sidan prøvefisket i 1987. For enkelte ungfisk var veksten god, men tryta stagnerar fortsatt ved om lag 20 cm lengde. Det var liten fangst av sik i 2004. Aldersfordelinga er interessant fordi det var ei ung gruppe (3+ - 5+) og ei eldre gruppe (10+ - 13+). Totalt sett var det yngre fisk i 2004 i forhold til prøve-fisket i 1985 og 1987. Veksten på siken var svært rask dei tre fyrste åra, for deretter å stagnere heilt. Det var også mindre fangst pr. innsats av sik enn på tidlegare prøvefiske. Det vart ikkje fanga røye eller relikt laks på prøvefisket i 2004. Ei samanlikning med tidlegare prøvefiske viser at alderen på siken i 1973, som da var basert på skjelavlesing, er kraftig underestimert. Direktoratet for naturforvaltning