Rv. 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal kommune. Kartlegging av naturtypar og artar.

Brandrud, T.E. & Breistøl, A. 2020. Rv. 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal kommune. Kartlegging av naturtypar og artar. NINA Rapport 1864. Norsk institutt for naturforskning. Det er i 2019 utført ei naturtyperegistrering av planområdet til Rv 5 Loftesnes-Kaupanger i Sogndal kommune, inkludert artsre...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Brandrud, Tor Erik, Breistøl, Arild
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) 2020
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2677741
Description
Summary:Brandrud, T.E. & Breistøl, A. 2020. Rv. 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal kommune. Kartlegging av naturtypar og artar. NINA Rapport 1864. Norsk institutt for naturforskning. Det er i 2019 utført ei naturtyperegistrering av planområdet til Rv 5 Loftesnes-Kaupanger i Sogndal kommune, inkludert artsregistrering med vekt på karplanter og sopp i edellauvskog, kalkbarskog og slåtteeng/beitemark. I tillegg er det utført ei fugleregistrering på utvalgte lokalitetar. Det blei registrert 23 ulike naturtypelokalitetar (seks A-område). Av desse er 17 lokalitetar nye eller endra frå tidlegare registreringar. Fleire areal, både innanfor og utanfor influensområdet, var lite kartlagd tidlegare, og 10 lokalitetar er heilt nye, derav to lokalitetar vurdert til A-verdi. Særleg var kartlegging av rike, sørvendte furuskogar mangelfullt granska frå før. Naturverdiene er først og fremst knytta til rik edellauvskog (rasmarkslindeskog) i Loftesnes-Hagalandet-området, kalkfuruskog og lågurtfuruskog, mest i dei sørvendte liane mellom Kjørnes og Valeberg, samt rik slåttemark og naturbeitemark, særleg omkring Vestreim-Hovland. Artsregistreringane med vekt på karplanter og sopp hadde fokus på raudlisteartar innanfor dei viktigaste naturtypelokalitetane. Det var utført svært lite soppkartlegging her tidlegare, og tilnærma ingen registreringer i slåtteeng/beitemark. Det blei derfor utført ei tilleggskartlegging av det såkalte beitemarksopp-elementet i august 2019. Samla sett er det pr. hausten 2019 registrert 30 raudlisteartar av karplanter og sopp i planområdet (derav 27 soppartar). Av desse blei ni nye soppartar registrert i 2019. Sistnevnte bidrar m.a. til bedre å dokumentere verdiane av velhevda slåtteenger og beitemarker i Vestreim-Hovland-området, og gjev også grunnlag for ei meir sikker avgrensing av verdifulle område, m.a. i dei rike barskogane ved Kaupanger sentrum. Fugleregistreringane hadde hovedfokus på naturtypane våtmark og gammal ospeskog omkring Kaupanger sentrum, samt furuskog ellers i planområdet. Førekomstar av fleire raudlisteartar inne i Kaupanger travbane gjer denne lokaliteten til det viktigaste området for fugl i denne undersøkinga. Særleg hettemåkekolonien, som er den største lokaliteten i det nye Vestland fylke, gjer området viktig også i ein regional samanheng. Vidare er ospeholtet Bjørk vest for industriområdet på Kaupanger ein viktig lokalitet for spettefuglar pga. førekomstar av mykje osp og død ved. Brandrud, T.E. & Breistøl, A. 2020. National road 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal municipality. Survey of nature types and species. NINA Report 1864. Norwegian Institute for Nature Research. In 2019, a survey of nature types in the planning area for a new national road 5 Loftesnes-Kaupanger, Sogndal municipality was performed. The survey has focused higher plants and fungi of thermophilous deciduous forests, calcareous pine forests and semi-natural grasslands, as well birds in certain localities. Altogether 23 nature type localities (key biotopes) of special importance for biodiversity were recorded, including 17 that were new or altered from former surveys. Especially rich, south-faced pine forests were poorly covered by former investigations. High biodiversity values are present especially in in rich, thermophilous deciduous forests (Tilia cordata forest on scree) along the steep fjord-side in the Loftesnes-Hagalandet-area; in calcareous pine forests (Pinus sylvestris) mainly between Kjørnes and Valeberg, and in rich mown or grazed grasslands especially around Vestreim-Hovland. Per 2019 altogether 30 red-list species of higher plants and fungi are recorded in the planning area (including 27 fungi). Of these, 9 new red-listed fungi were found in during survey 2019, especially from semi-natural grasslands in the Vestreim-Hovland-området, improving considerably the basis for circumscription of valuable key biotopes in this area, as well as in the rich coniferous forests at Kaupanger sentrum. The bird survey focused on wetlands and old-growth aspen (Populus tremula) forests around Kaupanger sentrum, as well as pine forests elsewhere in the planning area. The presence of a number of red-list species at the Kaupanger horse racing track makes this the most important bird locality within the planning area. Especially the colony of the black-headed gull Chroicocephalus ridibundus (the largest in Vestland county) is of national interest. The aspen stand Bjørk west of Kaupanger industry area is an important habitat for wood-peckers, due to presence of much dead wood of aspen.