Problematikk ikring ferdsle og villrein i Rondane

Jordhøy, P. 2008. Problematikk ikring ferdsle og villrein i Rondane – NINA Rapport 331. 51 s. Noreg er i dag ansvarsnasjon for bevaring av villrein i Europa og forvaltar meir enn 90 % av den Europeiske villreinen innan 23 meir eller mindre oppdelte område i Sør-Noreg. Historiske fangstanlegg for rei...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Jordhøy, Per
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Norsk institutt for naturforskning (NINA) 2008
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/2459780
Description
Summary:Jordhøy, P. 2008. Problematikk ikring ferdsle og villrein i Rondane – NINA Rapport 331. 51 s. Noreg er i dag ansvarsnasjon for bevaring av villrein i Europa og forvaltar meir enn 90 % av den Europeiske villreinen innan 23 meir eller mindre oppdelte område i Sør-Noreg. Historiske fangstanlegg for rein viser at reinen før moderne tid hadde eit stort, samanhengande leveområde i Dovre – Rondane. Jarnveg, veg- og kraftutbygging, samt utstrekt bygging av fritidshus m.v. har redusert og fragmentert Europa sin einaste opprinnelege fjellreinbestand i 6-7 delområde/einskildbestandar. Dette har ført til ein ujamn fordeling av sesongbeite i einskildområda og såleis ein redusert bæreevne og robustheit for bestanden. I den nordlege delen av Rondane er det lite sommarbeite, særskilt i tørre og varme somrar. Men her er svært rike lavressursar og gunstige snøtilhøve i vinterperioden. Vest for Rondane ligg Snøhettaområdet og her er vinterbeitet derimot ein klar minimumsfaktor. Det finns eit mangfald av spor etter gammal fangst av rein i Rondane. Desse anlegga er omfattande og fortel oss at det tidlegare har vore stor utveksling av dyr over aksen frå midtre/sørlege Rondane og inn mot fjellmassiva i nordvest. Store fangstanlegg nordvest for Rondanemassiva, mot Dovrefjell, viser at flokkane ein gong trekte enda lengre mot vest – jamvel heilt ut mot Mørefjella. Vidare viser anlegga at det har vore trekk på flankane av fjellmassiva og gjennom naturlege passasjar inne i sjølve fjellmassiva, som har ført flokkar mellom den midtre- og nordlege delen av leveområda i Rondane. I Rondane sørområde er det og registrert mange reinsgraver. Dei sørlegaste er funne heilt sør ved Storbekkfjellet i Storelvdal. Konsekvensane av menneskeskipa inngrep og uroing på naturmiljøet har vore eit sentralt granskingsemne dei siste 20-30 åra. Som resultat av denne granskinga har både kunnskapen om effektane av desse problema og metodene som vert nytta i granskinga endra seg betydeleg. Gransking som i all hovudsak var retta mot individuelle reaksjonar på einskilduroing eller einskildinngrep (f. eks. korleis ein rein reagerer på forstyrring frå helikopter) har endra seg til at ein no har større fokus på korleis populasjonar vert påverka av summen av inngrep og uroing (kumulative effektar). I denne samanheng har nyare gransking dokumentert at tettheit av ulike organismar minkar i områder med mykje menneskeleg aktivitet eller infrastruktur. Dokumentasjonen på slike effektar omfattar ulike artsgrupper og inkluderer insekt, krypdyr, fuglar, klauvdyr (inkl. villrein), rovdyr og aper. Eit fellestrekk ved desse granskingane er at effektane ser ut til å vere størst hjå organismar som lever i opne landskap (til dømes fjell- eller tundraområder. Rondane, Oppland og Hedmark fylker, rein, konsekvensutgreiing, reindeer, Rondane, traffic