Gjødsling til attlegg og eng med raudkløver

Gjødsling av eng og attlegg med raudkløver med husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart undersøkt i 12 forsøksfelt på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge. I attlegget verka 10 kg nitrogen per dekar lite hemmande på etableringa av kløveren. Men attlegget vart like bra og avlinga mest like god med ber...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Nesheim, Lars, Bø, Steinar
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Planteforsk 2018
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/2505623
Description
Summary:Gjødsling av eng og attlegg med raudkløver med husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart undersøkt i 12 forsøksfelt på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge. I attlegget verka 10 kg nitrogen per dekar lite hemmande på etableringa av kløveren. Men attlegget vart like bra og avlinga mest like god med berre 5 kg nitrogen per dekar. I sum for attleggsåret og engåra vart det størst avling med bruk av dekkvekst, men det første engåret hadde eng etablert utan dekkvekst størst avling. For å ha minst 30 % raudkløver i enga i meir enn to år måtte ein gjødsle med høgst 5 kg nitrogen per dekar. I forhold til normgjødsling av eng med mindre enn 10 % kløver førte det til mykje mindre avling. Reduksjon av nitrogengjødsla i forhold til aukande kløverinnhald førte til tilsvarande avlingsreduksjon utan at raudkløveren varte meir enn to år likevel. Spørsmål om dette er ein god gjødslingsstrategi blir reist. På felt med høgt avlingsnivå vart det lite meiravling utover om lag 15 kg nitrogen. Ved moderat avlingsnivå var det større meiravling av mineralgjødsla og avlingsauke på 7-11 kg tørrstoff per kg nitrogen frå 15 til 22 kg nitrogen per dekar. Fem tonn husdyrgjødsel verka likt ved begge avlingsnivåa. Erstatningsverdien av nedmolda husdyrgjødsel i attlegget var 0,9-1,1 kg nitrogen per tonn, avhengig av utrekningsmetode. Dette er mindre enn det blir rekna med i offisiell gjødselplanlegging. Ved overflatespreidd 3 + 2 tonn husdyrgjødsel i engåra var erstatningsverdien 0,9 kg nitrogen per tonn, om lag den same som blir brukt i gjødselplanlegginga. Gjødsling til attlegg og eng med raudkløver publishedVersion