Effektar av traktorkøyring, gjødsling og frøblanding på avling, botanisk samansetjing, fôrkvalitet, nitrogenopptak og nitrogenfiksering i eng

Vekta på traktorar og utstyr har auka mykje sidan eldre feltforsøk med jordpakking i eng vart utført i Noreg. Vi har undersøkt korleis køyring med dagens traktorar påverkar jordfysiske forhold, avling, plantesetnad og fôrkvalitet av rein graseng og kløverblanda eng i ein forsøksserie på tre einingar...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Lunnan, Tor, Rivedal, Synnøve, Stürite, Ievina
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: NIBIO 2017
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/2444538
Description
Summary:Vekta på traktorar og utstyr har auka mykje sidan eldre feltforsøk med jordpakking i eng vart utført i Noreg. Vi har undersøkt korleis køyring med dagens traktorar påverkar jordfysiske forhold, avling, plantesetnad og fôrkvalitet av rein graseng og kløverblanda eng i ein forsøksserie på tre einingar i NIBIO, på Tjøtta i Nordland, på Fureneset i Sunnfjord og på Løken i Valdres. Traktorkøyring gav stor avlingsnedgang (20 %) på siltjord i Valdres, medan nedgangen var meir moderat (6 %) på siltig sandjord på Fureneset og det var ingen avlingseffekt på sandjord med god luftveksling på Tjøtta. Det var små forskjellar mellom bruk av lett eller tung traktor, og resultata viser at ein i størst mogleg grad bør unngå køyring under våte forhold på jord som er utsett for pakkingsskade. Køyring på siltjord førte til endringar i den botaniske samansetnaden i enga ved at raudkløver og tofrøblada ugras gjekk tilbake og kvitkløver og grasugras gjekk fram. Køyring på siltjord reduserte også opptak og fiksering av nitrogen. Bruk av kløver i frøblandinga gav stor positiv effekt på avling, protein- og mineralinnhald og gav lågare fiberinnhald i fôret. Bruk av 6 kg N i mineralgjødsel etter førsteslått gav god avlingseffekt, men reduserte kløverinnhald og biologisk nitrogenfiksering. Sterkare nitrogengjødsling og bruk av kløver endra grasbestanden i enga i retning av meir timotei og mindre engsvingel. Auke i såmengda av kløver frå 15 % til 30 % på vektbasis gav små utslag på avling og botanisk samansetjing, men auka Nfikseringa med 0,5 kg per dekar og år. publishedVersion