"Bevegelsesglede og mestring"Erfaringar frå eit prosjekt med fysioterapeut i ungdomsskulen: Fysisk aktivitet, kroppsøvingsfaget og tverrprofesjonelt samarbeid

Prosjektet Bevegelsesglede og mestring er gjennomført i regi av Ålesund kommune i perioden 2020–23. Spjelkavik og Blindheim ungdomsskolar har vore prosjektskular gjennom heile prosjektperioden. Ellingsøy ungdomskule vart med i prosjektet våren 2022. Prosjektet er finansiert av Stiftelsen Dam og orga...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Andenes, Ellen, Båtevik, Finn Ove, Høydal, Kjetil L.
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Høgskulen i Volda 2023
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3100927
Description
Summary:Prosjektet Bevegelsesglede og mestring er gjennomført i regi av Ålesund kommune i perioden 2020–23. Spjelkavik og Blindheim ungdomsskolar har vore prosjektskular gjennom heile prosjektperioden. Ellingsøy ungdomskule vart med i prosjektet våren 2022. Prosjektet er finansiert av Stiftelsen Dam og organisert av Ålesund kommune. Høgskulen i Volda har følgt prosjektet som eit oppdrag for Ålesund kommune. Oppdraget er gjennomført som eit følgjeforskingsprosjekt. To hovudspørsmål har vore særleg sentrale i arbeidet: 1. Kva erfaring har elevane med fysisk aktivitet, kroppsøvingsfaget og det arbeidet som har vore gjort på skulane i samband med prosjektet Bevegelsesglede og mestring? 2. Korleis blir det lagt til rette for tverrfagleg samarbeid gjennom prosjektet, og kva er erfaringane med dette? Det første spørsmålet vart primært studert gjennom innsamling av kvantitative data. Slike data vart samla inn på to tidspunkt i prosjektperioden. Det andre spørsmålet er basert på årlege intervju med nøkkelinformantar i prosjektet. Elles har medverknad vorte tematisert, primært som del av den kvantitative delen av studien. Etter kvar datainnsamling vart resultata formidla til styringsgruppa for prosjektet i Ålesund kommune. Slik sett er det gjennomført ei formativ evaluering av prosjektet. Denne sluttrapporten formidlar hovudfunn frå undersøkingane i prosjektperioden. Første del av rapporten er formidling og drøfting av hovudfunna. Andre del av rapporten presenterer talmaterialet frå spørjeundersøkingar som vart gjennomførte blant ungdomsskuleelevane på to ulike tidspunkt i prosjektperioden. I tillegg til denne sluttrapporten er det publisert ein vitskapleg artikkel som bygger på analyse av deler av datamaterialet (Båtevik, Andenes og Høydal, 2023). Artikkelen drøftar kva faktorar som påverkar elevar som meiner dei ikkje er flinke nok i kroppsøving.