Sort Glimmer – Hrafntinna, 2020-2022

Refleksjon av kunstfaglig forskning Sort Glimmer er eit prosjekt som enda opp med fleire framsyningar i Norge og Island. Dette prosjektet har ei lang fartstid; frå tidleg utforsking, skisser, workshop og øvingar, til framføringar av musikken i ulike samanheng, utprøving av elektronikk, vokale og ins...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Stalheim, Jostein
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Høgskulen på Vestlandet 2024
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3111886
Description
Summary:Refleksjon av kunstfaglig forskning Sort Glimmer er eit prosjekt som enda opp med fleire framsyningar i Norge og Island. Dette prosjektet har ei lang fartstid; frå tidleg utforsking, skisser, workshop og øvingar, til framføringar av musikken i ulike samanheng, utprøving av elektronikk, vokale og instrumentale utvida teknikkar. Siktemålet med prosjektet var mangesidig, men ei viktig side for meg var å undersøkje korleis improvisasjon kunne nyttast i ei multimediaframsyning. Korleis ville publikum reagera, korleis var samarbeidet rundt eksperimentering og improvisasjon og korleis skulle me få alle retta inn mot eit felles produkt? Ei anna side var meir personleg art der eg ville undersøkja korleis teiknspråket Soundpainting kunne nyttast til å improvisera, analysera og memorera ei førestilling på ca 1 times lengd. Den avsluttande framsyninga i Reykjavik på Island vart gjort i samarbeid med Islandsk opera i konserthuset Harpa (2022). Der hadde me ein stor sal kalla Norðurljós godt tilrettelagt for multimediaframsyning; lys, lyd, scenografi, koreografi, video, kostymer og improvisasjon. Framsyningar av Sort Glimmer/Hrafntinna/Black Obsidian fekk støtte frå m.a. Norsk Kulturråd og Norsk-islandsk kulturfond. Den første workshop og eksperimental framføring fann stad i Bergen i juni 2020. Andre workshops vart halden i Bergen i mai 2021 og i Reykjavik, Island i september 2021. Sort Glimmer eller Black Obsidian fekk det islandske namnet Hrafntinna.