Rapport om svangerskapsavbrot 2022. Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

Hovedbudskap Det har vore ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008. Om denne oppgangen vi ser tilbake til 2019 tal representerer ein endring i denne trenden eller handlar om effekten av covid-19 på aborttala, veit vi framleis ikkje. Avbrotsraten har ein oppgang frå 9,0 i 2021 til 9,8 per 1 000 kvinne...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Akerkar, Rupali Rajendra, Askeland, Olaug Margrete, Halvorsen, Guri Sundgot, Heiberg-Andersen, Rannveig, Hornæs, Mona Tornensis, Juliusson, Pétur Benedikt, Berg, Amund
Other Authors: Løkeland-Stai, Mette
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Folkehelseinstituttet, Område for helsedata og digitalisering 2023
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/3057807
Description
Summary:Hovedbudskap Det har vore ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008. Om denne oppgangen vi ser tilbake til 2019 tal representerer ein endring i denne trenden eller handlar om effekten av covid-19 på aborttala, veit vi framleis ikkje. Avbrotsraten har ein oppgang frå 9,0 i 2021 til 9,8 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2022 og er såleis tilbake til det nivået ein såg i 2019 på 9,7 per 1000 kvinner i fertil alder. Troms og Finnmark, Oslo og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 12,6 i Troms og Finnmark, 11,3 i Oslo og 11,1 i Nordland. Vestland er det einaste fylket som har hatt ein nedgang i abortraten sin frå 8,2 til 8,1 per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2021 til 2022. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Oslo den høgste avbrotsraten på 11,3 per 1000 kvinner. Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 8,1 per 1 000 kvinner i Rogaland og Vestland og 8,2 i Møre og Romsdal. Det er per i dag 4 av 11 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år). Den samtidige nedgangen i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år) ein såg frå 2009 fram til pandemien med covid-19 byrja i 2020 har no endra seg. publishedVersion