Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret): Rapport om svangerskapsavbrot for 2018

2018 vart det sendt inn 13 641 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 380 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 364 (2,9 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2017. Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,6 i 2017 til 10,3 per 1 000 kvinner i fertil alder (15‐49 år) i 2018. Finnmark, Oslo og Troms er...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Akerkar, Rupali Rajendra, Askeland, Olaug Margrete, Hornæs, Mona Tornensis, Heiberg-Andersen, Rannveig, Juliusson, Pétur Benedikt, Pedersen, Yngve, Seliussen, Ingvei Helen
Other Authors: Løkeland-Stai, Mette
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Folkehelseinstituttet, Område for Helsedata og digitalisering 2019
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2980653
Description
Summary:2018 vart det sendt inn 13 641 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 380 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 364 (2,9 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2017. Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,6 i 2017 til 10,3 per 1 000 kvinner i fertil alder (15‐49 år) i 2018. Finnmark, Oslo og Troms er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 14,1 i Finnmark, 13,5 i Troms og 12,6 i Oslo. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,3 per 1 000 kvinner i Sogn og Fjordane, 8,2 i Møre og Romsdal og 8,6 i Rogaland (Tabell 2). Sidan 2008 har det vore ein nedgang i talet på abortar per 1000 fødslar for alle kvinner i fertil alder (15‐49 år). Talet på svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15‐19 år går ytterlegare ned Nedgangen i svangerskapsavbrot ein har sett blant dei yngste kvinnene sidan 2008 heldt fram frå 2017 til 2018; med eit fall i abortraten frå 6,3 til 5,5 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år. I 1980 var talet 22,5 per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år og den gongen var det denne aldersgruppa som hadde den høgste abortraten av alle. Finnmark hadde høgast førekomst av svangerskapsavbrot blant kvinner i aldersgruppa 15‐19 år, med 11,5 per 1 000 kvinner, etterfølgt av Troms og Oslo med 8,3 og 7,5 per 1 000 kvinner. Lågaste førekomst av svangerskapsavbrot finn ein i Sogn og Fjordane med 2,2 per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år. Bortsett frå Finnmark ligg alle på ein rate under 10 per 1 000 kvinner. Hedmark hadde den største nedgangen frå ein rate på 7,1 til 2,8 per 1000 kvinner frå 2017 til 2018. Avbrotsraten er høgast i aldersgruppa 25‐29 år Aldersgruppa 20‐24 år har lenge hatt den høgaste førekomsten av svangerskapsavbrot, men den har vore fallande dei siste åra, og har no vorte lågare enn avbrotsraten i aldersgruppa 25‐29 år. I 2015 var raten 21,1 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner både i alderen 20‐24 og 25‐29 år mot 16,9 og 17,6 i 2018. Finnmark hadde høgast førekomst med 25,0 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner, medan ...