Register over svangerskapsavbrot 2019 (Abortregisteret)

I 2019 vart det sendt inn 12 927 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 726 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 664 (5,4 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2018. Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,3 i 2018 til 9,7 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2019 og er såleis for f...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Akerkar, Rupali Rajendra, Askeland, Olaug Margrete, Heiberg-Andersen, Rannveig, Hornæs, Mona Tornensis, Juliusson, Petur Benedikt, Jonasson, Øystein Aalstad, Seliussen, Ingvei Helen
Other Authors: Løkeland-Stai, Mette
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Folkehelseinstituttet, område for helsedata og digitalisering 2020
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2711842
Description
Summary:I 2019 vart det sendt inn 12 927 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 726 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 664 (5,4 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2018. Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,3 i 2018 til 9,7 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2019 og er såleis for fyrste gong i historia under 10 per 1000 kvinner (15-49 år). Det er ny fylkesstruktur i år og fylka Troms og Finnmark, Oslo og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 13,3 i Troms og Finnmark, 11,8 i Oslo og 10,1 i Nordland. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 13,7 per 1000 kvinner. Møre og Romsdal, Agder og Rogaland hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,5 per 1 000 kvinner i Møre og Romsdal, 8,0 i Agder og 8,0 i Rogaland (Tabell 2). Det er per i dag tre av 11 fylke som har ein avbrotsrate over 10 per 1000 kvinner (15-49 år). Sidan 2008 har det samtidig vore ein nedgang i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år). publishedVersion