«Det moderne gjennombrotet» i lærarskulen Ibsen-lesing hjå Tromsø-seminaristar
I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesa...
Published in: | Historisk tidsskrift |
---|---|
Main Author: | |
Format: | Article in Journal/Newspaper |
Language: | Norwegian Nynorsk Norwegian |
Published: |
Scandinavian University Press/Universitetsforlaget
2021
|
Subjects: | |
Online Access: | https://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2021-02-04 https://doaj.org/article/d7f7011457814092a7cf648362968cd5 |
Summary: | I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesarar. Eit rikt materiale frå lærarutdanninga i Tromsø gjer det mogleg å følgje Ibsen-lesinga der i noko detalj, frå dei fyrste innkjøpa i 1866 til byrjinga av 1880-åra. Som ein kyrkjekontrollert, konservativ institusjon lét seminaret vere å kjøpe inn mykje av den moderne litteraturen, men dei kjøpte nesten alt av Ibsen, til og med Et dukkehjem. Det omstridde familiedramaet blei Ibsens gjennombrot som elevlesing og skapte større interesse også for hans eldre titlar. Skulebibliotekets fyrsteutgåve av Et dukkehjem er bevart, og lesarkommentarane i margane syner at boka blei lesen på ein meir «engasjert» og «deltakande» måte enn dei Ibsen-titlane som var skulepensum. |
---|