Standardisert nettspråk i protest eller respekt?

Denne artikkelen er basert på ei kvantitativ undersøking av 1949 ytringar frå “Nordnorsk debatt” under valkampen i 2017. Eit sentralt funn er at nettspråket følger dei norske rettskrivingsnormalane monaleg meir i diskusjonar om samepolitikk enn om andre politiske tema. I det samla materialet har 54...

Full description

Bibliographic Details
Published in:Målbryting
Main Author: Geir Bakkevoll
Format: Article in Journal/Newspaper
Language:Danish
English
Norwegian Bokmål
Norwegian Nynorsk
Swedish
Published: Septentrio Academic Publishing 2021
Subjects:
CMC
Online Access:https://doi.org/10.7557/17.5660
https://doaj.org/article/9848973270f142cb962188082e24df48
Description
Summary:Denne artikkelen er basert på ei kvantitativ undersøking av 1949 ytringar frå “Nordnorsk debatt” under valkampen i 2017. Eit sentralt funn er at nettspråket følger dei norske rettskrivingsnormalane monaleg meir i diskusjonar om samepolitikk enn om andre politiske tema. I det samla materialet har 54 prosent av ytringane minst eitt ortografisk avvik. Då bryt kommentaren eller svaret på Facebook med dei to norske rett­skrivingsnormalane når språkbrukarane kortar ned på orda eller brukar teikn eller bokstavar på ein måte som er utanfor standarden i dei offisielle norske rettskrivingane. Då kan vi seie at norma i nettspråk om politikk er vidare enn den offisielle rettskrivinga. Denne overvekta av ortografiske avvik ser likevel ikkje ut til å vere skapt av språkbrukarar som ikkje meistrar standarden, og dei representerer neppe det mange opp­fattar som språkleg forfall. Heller ikkje munnlegmarkørar som forsterkar prosodien eller viser oppøsing, dominerer i materialet. Det er derfor ikkje hald for å seie at slike orto­grafiske avvik er ikoniske eller at den konfronterande stilen er essensen i politisk CMC. I Facebook-diskusjonane om same­politikk har derimot berre 44 prosent av ytringane ortografiske avvik. Artikkelen lanserer to alternative tolkingar av denne signifikant lågare delen orto­grafiske avvik. Den eine, og konsensusorienterte tolkinga, er at språk­brukarane i respekt for denne betente saka vel det mest nøytrale skriftspråket dei kjenner. Den andre, og konfliktorienterte tolkinga, er at dette er språkhandlingar som indekserer at ein vil vere lojal mot eller favorisere den norske kulturen og språket framfor den samiske. I så fall brukar debattantane, bevisst eller ubevisst, språkleg variasjon for å styrke det språklege hegemoniet til majoritetskulturen. I artikkelen argumenteter eg for den konfliktorienterte tolk­inga, for det første fordi menn er sterkt overrepresenterte i desse debattane. Tolkinga blir ytterlegare styrkt i den siste delen av artikkelen, som samanliknar CMC i debattane om same­politikk og ...