Makrellkonflikten og strategisk klimafornekting

Kor godt rusta er internasjonale ressursforvaltingsregime til å tilpasse seg klimaendringar? Klarar slike regime å inkludere nykommarar på ein konstruktiv måte, eller vinn realpolitiske vurderingar fram og ein hegnar om eigne ressursar? Denne artikkelen vil utforske dette og sjå på korleis klimafors...

Full description

Bibliographic Details
Published in:Internasjonal Politikk
Main Author: Olav Anders Totland
Format: Article in Journal/Newspaper
Language:Danish
Norwegian
Swedish
Published: Cappelen Damm Akademisk NOASP 2020
Subjects:
Online Access:https://doi.org/10.23865/intpol.v78.1453
https://doaj.org/article/21e2c59657e24434a0e2b21bb04b83dc
Description
Summary:Kor godt rusta er internasjonale ressursforvaltingsregime til å tilpasse seg klimaendringar? Klarar slike regime å inkludere nykommarar på ein konstruktiv måte, eller vinn realpolitiske vurderingar fram og ein hegnar om eigne ressursar? Denne artikkelen vil utforske dette og sjå på korleis klimaforsking blir brukt politisk til å legitimere krav på ressursar. Til dette blir makrellkonflikten i Nordaust-Atlanteren frå 2008–2014 undersøkt. Etter at makrellen endra vandringsmønster lenger nord og vest, vart det konflikt mellom Noreg og EU på eine sida og Island og Færøyane på andre sida. Folkeretten gjev eit stort rom for å tolke denne tvisten ulikt hjå partane. Dette spelerommet, kombinert med ein låg grad av tilpassing til nykommarstatar, førte til at det etablerte forvaltingsregimet braut saman. I løpet av konflikten vart det tydeleg at partane hadde svært ulike forklaringar på endringa i makrellens vandringsmønster. Klima- og miljøforsking vart trekt i tvil og brukt strategisk av aktørane i konflikten, og makrellen vart overfiska. Dette tyder på at realpolitiske omsyn framleis står sterkt i internasjonal ressursforvaltingspolitikk, også i møte med det som verkar som opplagte konsekvensar av klimaendringar. Fiskeriforvaltingsregime treng å konkretisere reglar for korleis ein skal handtere endringar i vandringsmønster, og korleis nykommarar til fisket kan inkluderast på ein konstruktiv måte. Slik unngår ein overfiske og framtidig bestandskollaps.