Summary: | Source at https://ojs.novus.no/index.php/DIN/article/view/2250 . Chaga er ein materialitet som har skapt nye konsept, ritual og ein ny økonomi innanfor eit sjamanistisk felt i Noreg. Den samiske sjamanen, Ronald Kvernmo, sitt entreprenørskap viser korleis soppen chaga, gjennom ein kompleks dynamikk, har blitt gjenvunne, dyrka og oppskalert til eit symbol på samisk sjamanisme, berekraft og urfolkskunnskap. Gjennom å utforske korleis chaga bidreg til utviklinga av eit bestemt sjamanentreprenørskap, ynskjer eg å kaste lys over korleis kategoriar og materialitetar gjensidig formar kvarandre og korleis dei saman bidreg til å skape og utvikle lokale uttrykk for sjamanisme.
|