Trålfisket i norsk fiskerinæring 1945-1960

Temaet for denne oppgåva er utviklinga av trålfisket i Noreg etter krigen og betydninga trålfisket hadde for utviklinga i den norske fiskerinæringa i same periode. Oppgåva tar for seg perioden 1945 til 1960 og viser at trålfisket for alvor innpass i den norske fiskerinæringa i løpet av desse åra. I...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Strand, Øystein Bolset
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: The University of Bergen 2014
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/1956/8278
Description
Summary:Temaet for denne oppgåva er utviklinga av trålfisket i Noreg etter krigen og betydninga trålfisket hadde for utviklinga i den norske fiskerinæringa i same periode. Oppgåva tar for seg perioden 1945 til 1960 og viser at trålfisket for alvor innpass i den norske fiskerinæringa i løpet av desse åra. I 1960 var trålfisket ein integrert del av næringa. Dei første større trålarane kom i drift i Noreg på 1930-talet. Det utløyste stor debatt og trållovgjevinga vart strama inn. Det må sjåast i samanheng med dei økonomiske forholda i Noreg. Ein var også redd for at trålfisket ville føra til liknande endringar som i Storbritannia. Der hadde kystfisket fått mindre omfang, og trålarnæringa vart ei reiarbasert bynæring. Trålarlova av 1939 var streng, men opna òg for tildeling av mellombelse trålkonsesjonar. Mellom 1946 og 1951 vart det delt ut mange slike. I 1951 vart det vedteke ein ny trålarlov. Denne mogleggjorde ei større utbygging av trålarflåten enn tidlegare, men på strenge vilkår. Trålfisket var framleis konsesjonsbasert. På det meste hadde over 500 fartøy trålkonsesjon. Dei aller fleste var mindre fartøy og var ein del av den eksisterande fiskeflåten. Omlag 30 større trålarar hadde konsesjon. Dei største trålarane tråla etter torskefisk store delar av året, for det meste i Barentshavet. Desse var nært knytt opp til utbygginga av ein frysefiletindustri i Nord-Noreg etter krigen. Dei små trålarane dreiv trålfiske som sesongfiske, særleg etter torskefisk utanfor Finnmark på våren og sommaren. Nokre dreiv sildetråling i Nordsjøen. Utbygginga av den norske trålarflåten skjedde på heimlege premissar. Trålinga var heile tida konsesjonsbasert og under politisk kontroll. Fartøya var i all hovusak eigde av aktive fiskarar, sjølv om fiskeindustrien stod som eigarar av ein del av dei største trålarane. Busetnadsmønsteret i landet medverka til at ein ikkje fekk ei urbanisering av fiskeflåten slik som i England. Berre i Kristiansund og i Hammerfest vart det oppbygd trålarmiljø av ein viss storleik. Småtrålarane tok trålteknologien ...