Kvartærgeologisk kartlegging og glasiasjons- og deglasiasjonsgangen ved Bømyra, sørlege Andøya

Gjennom denne oppgåva var formålet å rekonstruere glasiasjons- og deglasiasjonsforløpet for eit område sør på Andøya. Metodar som er brukt er hovudsakleg detaljert kvartærgeologisk kartlegging, radiokarbondatering og analyse av sedimentkjerne frå det vesle vatnet Stampetjønna. Gjennom kvartærgeologi...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Lysne, Eirik Skjerdal
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: The University of Bergen 2016
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/1956/12825
Description
Summary:Gjennom denne oppgåva var formålet å rekonstruere glasiasjons- og deglasiasjonsforløpet for eit område sør på Andøya. Metodar som er brukt er hovudsakleg detaljert kvartærgeologisk kartlegging, radiokarbondatering og analyse av sedimentkjerne frå det vesle vatnet Stampetjønna. Gjennom kvartærgeologisk kartlegging har ein identifisert randavsetjingar tolka til å vere avsett av innlandsis under fire individuelle glasiale hendingar. To av desse er glasiasjonshendingar knytt til LGM på Andøya, Egga-1 og Egga-2. Nøssøyra-trinnet er knytt til Egga-1 og er lokal LGM, medan Bø-øyra-trinnet er knytt til Egga-2 som i studieområdet hadde noko mindre utbreiing enn Egga-1. Ein finn deretter to trinn knytt til deglasiasjonshendingane Flesen og D-hendinga. Dette er høvesvis Bjønnholen-trinnet og Nattmålsholen-trinnet, der randmorenesystema er lokalisert høvesvis vest og aust i studieområdet. Ved om lag 15 ka BP trekte isen seg tilbake og studieområdet vart isfritt. Truleg vart også steinbreane ved Bø og ein pronival rygg ved Orkleivbekken inaktive rundt denne tida og strandvollen Åknes-Storraet danna. Sedimentar ved Nattmålsholen Gravel Pit viser bimodal sand med fleire lag skjelholdig sand stratigrafisk under botnmorene og glasifluvialt materiale. Skjel frå laga med skjelholdig sand er radiokarbondatert til mellom ~45,7 - 43,9 kal. ka BP. Dette samsvarar med slutten av Bø/Austnes Interstadial, noko som tyder på at det ikkje var innlandsis til stade ved denne lokaliteten under denne perioden. Analysar av sedimentkjernen frå Stampetjønna, STAMP-112, er avgrensa til tidsperioden frå yngre dryas til om lag 6 kal. ka BP. Høgt minerogent nivå under yngre dryas kan tyde på eit kaldare klima eller eit paraglasialt miljø med periglasial utsmelting. Etter yngre dryas auka temperaturen og organisk produksjon auka. Større del eolisk avsetjing gjennom preboreal og byrjinga av boreal tyder er truleg resultat av auka stormaktivitet og låg strandlinje som gjorde større mengder sediment tilgjengeleg for eolisk transport og avsetjing. Etter ...