Parallell regulering og prosjektering i vegprosjekt

Masteroppgave - NTNU - Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet. Institutt for bygg- og miljøteknikk. Gjennom signal frå nøkkelpersonar i Vegdirektoratet og Statens vegvesen vart det klart at det er rom for forbetringar og innovasjon i dagens vegplanleggingspraksis. Det er mellom anna derfor int...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Røren, Jon-Ove Liaset
Other Authors: Lædre, Ola, Wondimu, Paulos
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: [J.O.L. Røren] 2017
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/2459173
Description
Summary:Masteroppgave - NTNU - Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet. Institutt for bygg- og miljøteknikk. Gjennom signal frå nøkkelpersonar i Vegdirektoratet og Statens vegvesen vart det klart at det er rom for forbetringar og innovasjon i dagens vegplanleggingspraksis. Det er mellom anna derfor interessant å sjå nærmare på korleis «parallell regulering og prosjektering» fungerer i praksis og å dokumentere dette. For å undersøke korleis parallell regulering og prosjektering er gjennomført har dei tre følgande forskingsspørsmåla blitt studert: 1. Korleis gjennomfører Statens vegvesen parallell regulering og prosjektering? 2. Kva fordelar og utfordringar oppstår ved parallell regulering og prosjektering? 3. Korleis kan Statens vegvesen gjennomføre parallell regulering og prosjektering i framtidige prosjekt? Metodane som er nytta er litteraturstudie, dokumentstudie, casestudie og casespesifikke semistrukturerte intervju. Litteraturstudiet førte til ein del relevant litteratur, men viste også at det var store hol i litteraturen og at det er behov for dokumentasjon på området. Det er gjennomført ni casespesifikke semistrukturerte intervju med ulike aktørar frå dei tre prosjektorganisasjonane. Sju er internt tilsette i Statens vegvesen, ein er ekstern konsulent og ein er konsulent på oppdrag frå entreprenør. Dei tre studerte casane er «E16 Turtnes – Øye», «E6 Helgeland nord» og «Førdepakken». Resultatet indikerer at fordelane ved parallell regulering og prosjektering er både eit betre produkt gjennom meir fullstendige regulerings- og byggeplanar, og ein betre prosess gjennom tids- og kostnadsinnsparingar. Å få på plass finansiering viser seg å vere den største utfordringa ettersom prosjekteringa må ta til allereie i reguleringsplanfasen. Rapporten konkluderer med at parallell regulering er gjennomførleg, det har vore gjort med suksess, og har nokon klare fordelar. Parallell regulering og prosjektering er å føretrekke i prosjekt som skal gjennomførast innan få år ettersom endringar i omfang eller anna kan ha mykje å seie for kva som skal byggast. Masteroppgåva dokumenterer saman med den publiserte artikkelen, verdifulle erfaringar frå denne parallelle tilnærminga til planlegging. Anbefalt vidare arbeid er mellom anna intervju av fleire nøkkelpersonar, å studere fleire liknande casar, samt å studere kva konsekvensar parallell regulering og prosjektering faktisk har på byggefasen og på den endelege vegen. Statens vegvesen Vegdirektoratet