'Joina du kino imårgå?' Ungdomars dialektskriving på sosiale medium.
Sosiale medium utfordrar det tradisjonelle skiljet mellom normert og stan-dardisert skriftspråk og inviterer til kreativ og refleksiv språkbruk. For mange norske ungdommar er det vanleg å ta i bruk trekk frå eit breitt språk¬leg repertoar – inkludert dialekttrekk og andre unormerte trekk – i private...
Published in: | Oslo Studies in Language |
---|---|
Main Authors: | , |
Format: | Article in Journal/Newspaper |
Language: | Norwegian Nynorsk |
Published: |
Universitetet i Oslo
2021
|
Subjects: | |
Online Access: | http://hdl.handle.net/10852/82858 http://urn.nb.no/URN:NBN:no-85683 https://doi.org/10.5617/osla.8508 |
Summary: | Sosiale medium utfordrar det tradisjonelle skiljet mellom normert og stan-dardisert skriftspråk og inviterer til kreativ og refleksiv språkbruk. For mange norske ungdommar er det vanleg å ta i bruk trekk frå eit breitt språk¬leg repertoar – inkludert dialekttrekk og andre unormerte trekk – i private saman-hengar på sosiale medium. I denne artikkelen presenterer vi data frå fire utvalde stader i ei større landsdekkande undersøking av multi¬lektale prak¬sisar på sosiale medium blant ungdommar på vidaregåande skule. Dei ut¬valde stadene ligg i Lofoten, på Nordmøre og Sunnmøre og i Nord-Gud¬brandsdalen. På grunnlag av korte tekstar skrivne i ulike tenkte situasjonar med ulike førestilte publikum ser vi at ungdommane jamt over skriv svært forskjellig i til dømes ei melding til ein ven samanlikna med ei melding til læraren. I den første ytringssituasjonen er det typisk eit høgt inn¬slag av dia¬lektale trekk og andre brot mot skriftspråksnormene, medan det i den andre er langt meir vanleg å bruke standard skriftspråk. Val av platt¬form for dei ulike ytringssituasjonane ser også ut til å påverke valet av skriftleg kode: Meldingar til lærar på SMS eller Snapchat inneheld gjerne fleire brot på standardspråklege normer enn slike meldingar sende gjennom skulens offi¬sielle læringsplattform. For kvart område vurderer vi også dialekt¬skrivinga opp mot kjende trekk ved den lokale og regionale dialekten. Vi ser at ikkje alle talemålstrekk får eit skriftlig uttrykk, noko som i visse tilfelle nok speg¬lar talemålsutviklinga i området. I vår tolking har ungdommane ei særs flek¬si¬bel tilnærming til val av skriftlege kodar og evnar å tilpasse seg ulike situ¬a¬sjonar og ulike språkmarknader. |
---|