"Combining the maximum of comfort with the minimum of trouble". : -reiser med turistskip til Norge kring 1900 i eit ritualperspektiv

Samandrag Med utanlandske reiseskildringar frå reiser med turistskip til Norge kring 1900 som kjelder, har eg teke føre meg skipsturistane sine handlingar. Ved hjelp av ritualteori har eg kasta lys over kva meining desse handlingane kan ha hatt for turistane. Viktige kulturhistoriske premissar for s...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Brudvik, Agnes Ingeborg
Other Authors: Bjarne Rogan
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 2002
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/23885
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-3876
Description
Summary:Samandrag Med utanlandske reiseskildringar frå reiser med turistskip til Norge kring 1900 som kjelder, har eg teke føre meg skipsturistane sine handlingar. Ved hjelp av ritualteori har eg kasta lys over kva meining desse handlingane kan ha hatt for turistane. Viktige kulturhistoriske premissar for skipsreisa var utviklinga av dampkraft, økonomi og sosial organisering. Følgja var at fleire sosiale sjikt, fleire kvinner og fleire enn berre "dei dristige" drog til Norge. Turistskiptrafikken vart såleis ei demokratisering av det å reise og var ei tidleg form for masseturisme. Det var mellom anna det romantiske natursynet som sette fokus på Norge som reisemål, medan kroningsferda til Kong Oscar II i 1873 utgjorde sjølve startskotet for turistskipstrafikken. Frå 1880-åra reiste turistar med flytande hotell og dei kunne i hovudsak velje mellom dyre og luksuriøse reiser med store skip eller billegare turar med små skip som hadde enklare forpleiing. I analysen tek eg i bruk ritualteori på to nivå. Eg tek føre meg dei meiningsberande handlingane som turistane utførte eller tok del i. Ved å drøfte dei rituelle aspekta ved desse handlingane prøver eg å forstå kva dei hadde å seie for turistane. Reisa inneheldt betydningsfulle handlingar som vart ofte gjenteke under reisa, og gjerne fleire gonger dagleg. Slike handlingar kunne vere måltida og opphaldet på dekk. Turistane sitt ytre formidla også noko under reisa. Under seglinga langs kysten iførte dei seg like kjenneteikn som skipshuer eller nåler med namnet til skipet på. Karakteristisk for skipsreisa var også enkelthendingar som danna høgdepunkt for turistane. Det kunne vere skipsball, konsertar og sportsleikar som turistar sjølve stelte i stand. Synet av midnattssola eller vitjinga av kjende stader, som til dømes Nordkapp-platået, var også slike hendingar. Turistane opplevde ofte eit intenst nært fellesskap med kvarandre under reisa, samt at dei normale sosiale strukturane og kvardagslege levesettet vart tona ned. I staden vart normene til turistrolla aktualiserte og det var forventa å snu opp ned på døgeret, ete mykje og god mat, samt endre åtferd. Reiseskildringane fungerte som nøkkelscenarium og skapte forventningar til reisa og åtferda til turistane. På eit overordna nivå vert Arnold van Gennep sin teori om rites-de-passage nytta som metodisk grep om reisa. Den tredelte modellen strukturerte skipsreisa og framheva at reisa hadde ulike fasar som hadde fellestrekk med den tre fasane i overgangsritualet. I eit eige kapittel drøftar eg også den overordna strukturelle likskapen, samt parallellar mellom midtfasen i reisa og van Gennep sitt overgangsritual. Betydninga av handlingane til turistane kan samanfattast som ei distansering til kvardagslivet og forsterking av turisttilveret. Søkeord: reiseskildring, Norge, midnattssol, reise, turist, turistskip, ritual og rite-de-passage, liminoid.